JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Tungsindig tungrock

Foo Fighters’ nye album er ein kontemplasjon over sorg og tap.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Foo Fighters på scena i Cleveland i 2021. Neste veke spelar dei på Bonnaroo musikk- og kunstfestival i USA.

Foto: David Richard / AP / NTB

1862
20230609
1862
20230609

Rock

Foo Fighters:

But Here We Are

Roswell / RCA

På albumet Hail Satin frå 2021 hadde Foo Fighters mellombels blitt eit Bee Gees-coverband. Det amerikanske bandet, som debuterte i 1994 og har eks-Nirvana-trommisen Dave Grohl som frontfigur på gitar og vokal, opererte for høvet under fana «Dee Gees». Prosjektet hadde ein lettbeint, inkluderande aura, og det likte naturlegvis den ultrakonservative amerikanske demografien dårleg.

Arge «homofobar» protesterte utanfor konsertane, og bandet motdemonstrerte nonchalant ved å rulle forbi på lasteplan iført glitrande discoærakostyme medan dei song «You Should Be Dancing», ein livsbejaande song om samhald, openheit og kjærleik – det gjer det godt å sjå tilbake på no i Pride-månaden.

Eit av høgdepunkta på Hail Satin var coverversjonen av «Shadow Dancing», med trommisen Taylor Hawkins på silkemjuk vokal. Han døydde brått i fjor. Årsaka er ukjend, men han hadde angstdempande, smertestillande og antidepressive lækjemiddel i blodet, og eg kjem til å tenkje på at å ha ei psykisk liding er svært alvorleg og kan kallast pandemisk i samfunnet vi lever i, men framleis vert dei som slit, stigmatiserte og misforståtte.

But Here We Are er prega av ettertanke, og Grohl og Foo Fighters’ lange erfaring med og kontroll over rockesjangeren er tydeleg. Her kan ein høyre djupe spor etter Pink Floyd-liknande progrock og angstdriven collegerock og grunge. Bitande gitarar svevar innhylla i piggtråd over baktunge komp. Musikken er seig, men drivande, melodisk og hjarteskjerande; tenåringsangsten har blitt transformert til vaksen livserfaring, og albumet framstår som uttrykk for ein sunn sorgprosess i staden for håplaus eksistensiell krise og tomleik.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis