Film

Trykkokaren

Ei taiwansk sjarmbombe i rastlaus stil kler av triste strukturar.

Filmen frå nattelivet i Taipei hadde premiere på filmfestivalen i Cannes i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Shu-fen (Tsai) og døtrene I-Jing (Ye) og I-Ann (Ma) kjem tilbake til Taipei etter ei årrekke i ein liten by. Shu-fen opnar eit gatekjøken for nudlar på kveldsmarknaden. I-Ann tener pengar på å selje betelnøtter lettkledd frå ei anna sjappe.

Nudelsalet går trått. Seksualiserte betelseljarar er stigmatiserte. Bestefaren er forferda over at femåringen I-Jing er venstrehendt. Det er djevelens hand, messar han. Snart går det troll i ord, og den vetle byrjar naske. Familien har sitt å stri med.

Søtsjokk

Nina Ye i rolla som I-Jing er så søt at det ikkje går an. Når det i tillegg kjem ein surikat i hus, kunne det nesten bli for mykje av det gode, men nei. Dei er ein fest å følge. Seks år gamle Ye er visst ein røynd reklameskodespelar. Den som får mest merksemd, er faktisk ikkje tittelfiguren, men den unge vaksne Shu-fen.

Shih-Yuan Ma spelar henne med frekk stil og nerve. Ho kan verke som ein stereotyp, slapp ungdom først, men eg får sansen for henne etter kvart. Til slutt sit ein att med ein kompleks karakter. Mora er frustrert, sliten og fråverande i blikket, medan besteforeldra er karikerte. Spesielt bestemora. Naboseljaren Johnny (Huang) har på si side eit vimsete, varmt vesen.

Mobilstil

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement