Trua på mennesketFramstegstanken og det moderne prosjektet ser ut til å ta slutt i Farestads univers.

Framstegstanken og det moderne prosjektet ser ut til å ta slutt i Farestads univers.

Ulrik Farestad held fram der han slapp i diktdebuten frå 2013.
Ulrik Farestad held fram der han slapp i diktdebuten frå 2013.
Publisert

Ulrik Farestads andre diktsamling byrjar der han slapp med debuten Støv, stjerner, piksler (2013). Sangen og katastrofen inneheld tradisjonsbunden lyrikk med flittig bruk av metriske vers – sonetten og villanellen framfor alt – spekka med litterære og kunstnariske referansar. Likevel syner samlinga at Farestads lyriske røyst har utvikla seg, når det gjeld både tema og komposisjon.

Ta dikta «Til en Spurv i Osterhaugs’ gate», «Nedtegnelser, påsken 2015» og «Til en overvintret svarttrost på Bjølsen»: Her gjev Farestad plass til eit nokså framtidspessimistisk livssyn, prega av ei kjensle av kommande dommedag og undergang. Dette gjer at poesien hans får eit nytt, politisk rom, som han utviklar i 22/7-refleksjonar i «Ankomsten» og «En ung mujahid savner Grønland», som peiker – på ein reflektert måte – på kjenslene og dei interne motsetnadene til ein norsk framandkrigar. Slike pessimistiske refleksjonar når høgdepunktet i triptykonet «Tre malerier av Christopher Rådlund», som tek utgangspunkt i aude landskap, moderne bygg i ruinar eller skremmande Star Wars-romskip. Framstegstanken og det moderne prosjektet ser ut til å ta slutt i Farestads univers, og slik sett er Sangen og katastrofen ei påminning av dei dystre tidene vi lever i.

Med dette er det ikkje sagt at Farestad dyrkar ein umenneskeleg og deprimerande lyrikk. Trua på mennesket er faktisk alltid til stades, og er nett det som løfter opp Farestads lyriske verd. Dette kjem til syne i fleire av ekfrasane, til dømes «Sovende kvinne av Johannes Vermeer», som tek utgangspunkt i den gamle meisteren for å utvikle ein refleksjon om kjærleiken i vår tid. Og kjærleik er noko som elles er til stades i fleire andre dikt, med moderne eller klassisk innhald. Syntesen når Farestad i det «fotografiske» diktet «Nefertiti-bysten vises frem på funnstedet», der ei lyrisk røyst frå fortida snakkar til arkeologane som fyrst såg Nefertiti etter elskaren hennar: «Jeg forestiller meg at noen finner / ditt ansikt etter mange tusen år, / nå vasket rent for alle mine minner / og dine smil til meg – et bilde bare, / men levende, som om det var i går / en elsker kunne ønske å bevare / slik skjørhet gjennom mange år». Kjærleiken er den menneskelege eigenskapen som overlever gjennom tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement