Bok

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Publisert

Anne Kalvig har skrive ei lang og ganske indignert bok om den – slik ho ser det: fullstendig feilaktige og farlege – «subjektive forståinga av kjønn» ho meiner grip om seg, i språket vårt, i lovgivinga, innanfor medisinen, i akademia og i media.

Eg trur Kalvig vil kunne få meir vrangvillige lesarar enn meg. Religionsvitaren Kalvig har skrive akademiske tekstar som eg har lese med interesse. Eg har, som ho, argumentert mot teoriar som avviser at kjønn også dreier seg om biologi, eller som avviser, meir generelt, at det kan finnast ting «i røynda» (som ikkje berre er konstruerte av oss idet vi tenkjer, snakkar eller skriv om dei). Eg er, som ho, oppteken av urettvise knytt til kjønn og av å gjere likestillingspolitikken betre.

Eg stør rett nok at lova må omfatte fleire diskrimineringsgrunnlag enn kjønn, frå alder og religion til kjønnsidentitet – det siste vil Kalvig ha fjerna – men er samd med ho i at dette gjer diskrimineringsavvegingar meir komplekse enn mange hadde tenkt seg. Og ein skal sjølvsagt ikkje gløyme kjønnsperspektivet blant andre nye og gamle perspektiv. Eg er kritisk til ukritisk bruk av analysar og råd frå internasjonale organisasjonar og nasjonale aktørar med uklår kompetanse – det gjeld ålment, inkludert når temaet er kjønn og likestilling. Eg meiner òg at Kalvig er med og reiser nokre viktige debattar, til dømes om bruk av såkalla kjønnsbekreftande behandling av barn.

Kva er problemet?

I det store og heile når ho likevel ikkje fram til meg i denne boka. Ei hindring her er sikkert at eg ikkje heilt forstår kva som er problemet med at menneske som ikkje kjenner seg som det kjønnet dei er fødde med, får leve det livet dei meiner er best for seg sjølv, så lenge dette ikkje går urimeleg ut over andre.

Kalvig fortel om korleis det å vise respekt for kjønnsidentitet kan skape vanskar, til dømes når transkvinner får tilgang i kvinnegarderoben, kvinnefengsel og kvinneidrett. Men andre omsyn – ta til dømes religionsfridom – kan vel òg kome i konflikt med omsynet til kjønnslikestilling, til dømes når ei kvinne ikkje kan bli prest eller imam fordi ho er kvinne. I slike tilfelle finn vi gjerne løysingar innanfor lova og i praksis som freistar å ta rimeleg omsyn til både religion og rettane til kvinner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement