Teater
Tru mot Dylan i tekst og temperament
Eg likar framsyninga av di ho ikkje gjer Dylan til noko han ikkje er.
Heidi Gjermundsen Broch syng «Ein kopp til med kaffi (ned i neste dal)» (Desire, 1976). I bakgrunnen perkusjonisten Erik Nylander.
Foto: Erik Berg
Institusjonsteatera treng populærmusikken. Skodespelarar med utanåtlæring som del av yrket lærer seg utanåt songar publikum alt kan utanåt. Bowie, Cohen, deLillos, Bjella, Ropstad, Eidsvåg og Tønes vert teaterkonsertar, gjerne sceniske festar.
Heidi G. Broch
Bob Dylan er ingen fest. Vikla inn i blått har ein regi like nøysam som ein av konsertane hans i Spektrum, med eit orkester av handplukka, eminente instrumentalistar, men utan prat mellom songane, utan kronologi, med gamle og mindre gamle songar om kvarandre, utan annan scenografi enn det naudsynlege, utan plot og rammeforteljing, anna enn litt spel på alder, utan publikumsfrieri og høg stemninga. Det kjennest rett.
Til skilnad frå i Spektrum er det på scenen ikkje éin, men åtte vokalistar, i sum med eit like vidt og ujamt vokaluttrykk som Dylan sjølv, frå resitasjon og revy til kabaret og musikal – og stundom konsert: Når Heidi Gjermundsen Broch står berrføtt fremst på scenekanten og syng «Ein kopp til med kaffi (ned i neste dal)» (1976), med «hebraisk» frasering som i originalen og skjelving i kroppen, er det ikkje berre verdt dei to timane pluss pause, men langt meir rocka enn songar så tungt arrangerte at attdiktinga forsvinn.
Mimmi Tamba
Lanois-Dylan, Jesus-Dylan og Sinatra-Dylan er valde bort til fordel for ei greatest hits-tilnærming. Om Dylan hadde døydd av motorsykkelulukka i 1966 eller hardkjøret i 1976, kunne framsyninga stort sett vore som ho er. I eit år då 79-åringen gjev ut eit album rekna mellom hans beste, og for fyrste gong får ein fyrsteplass på singellista til Billboard, er tre av fira songar frå 60-talet, med foto og video dominert av ein hip 25-åring.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.