Bok

Trøytte menn

Horveis dekadanse vantar eleganse.

Nils Gullak Horvei.
Nils Gullak Horvei.
Publisert

«Venner er en daarlig Race. De duer ikke til andet end til at spise Middag med os samt til at hænge med Hoderne ved vor Grav. Det sidste liker de bedst.»

Orda innleier Arne Garborgs roman Trætte Mænd frå 1891. Det er mykje i Garborgs fin de siècle-roman som minner om Nils Gullak Horveis Rive Rom på én dag: I eit dekadent hovudstadmiljø gjeld det å posisjonere seg gjennom materielle og immaterielle statussymbol, ha den riktige desillusjonerte innstillinga og å forbruke kvinner. Dei drikk dessutan tett på Oslo Vest tidleg på 2000-talet, slik dei gjorde i Kristiania mot slutten av 1800-talet. Særleg går det i fransk burgunder. Båe bøkene ber preg av undergangskjensle, på samfunnet og på individet sine vegner. Båe tematiserer religion: Er religionen ein veg til forsoning og frelse, eller tvert om den største faren av alle?

Facebook

Har då ingenting forandra seg på 120 år? Jau, vi har fått Facebook! Horveis hovudperson er på Facebook døgnet rundt. Nettsamfunnet blir mykje brukt som arena for å kjekke seg i miljøet han tilhøyrer. Dessutan utartar ein kontakt med ei kvinne til utruskap både virtuelt og «IRL» (in real life). Chatteloggane mellom desse to blir refererte over ein del sider og er akkurat så lite pirrande som slike gjerne er for andre enn dei involverte.

Kva anna har vi i dag? Trump og terror. Valkampen i USA i 2016 og trugselen om terror er meir enn eit bakteppe for handlinga, hendingane grip direkte inn i livet til karakterane. Eg-forteljaren driv eit lite forlag og planlegg å publisere ei bok med karikaturteikningar som kan vere støytande for muslimar. Han er gift og har to tenåringsbarn. Særleg dottera står fram som langt meir moden enn foreldra. I det heile oppfører dei fleste vaksne i denne romanen seg som om dei aldri har kome ut av puberteten. Det hjelper ikkje at dei veit om det: «Jeg var blitt trukket inn i virkeligheten igjen. Den var blitt nær. Jeg skulle til å si noe, men kom på at jeg var ti år.»

Akkurat denne passusen er klår og poengtert, og ein tiåring er kanskje nærare seg sjølv enn ein blasert femtiåring. Elles er teksten prega av at han ikkje kjem nær nok, verken når det gjeld hovudpersonen eller dei andre karakterane. Hangen dei har til å tvihalde på ei ironisk og distansert haldning til det aller meste i livet, smittar over på forteljinga sjølv, som difor ikkje engasjerer. Dei mange og lange diskusjonane om innvandring, flyktningkrise og islamistisk terror har for det meste velkjende poeng, og språkføringa utmerkar seg ikkje. Den repeterte parallellen til Romerrikets fall greier ikkje å løfte diskursen. Ein skjønar at det heile er meint å vere samtidssatire, men det er berre sjeldan morosamt. Ein skjønar at det blir hinta om verkelege personar, men hinta er kanskje mest interessante for dei portretterte og parodierte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement