Film
Trøyttande krigsdrama frå dei finske skogane
Finlands største krigsforteljing er for repeterande for sitt eige beste.
Vinterkrigarar i djupe skogar.
Foto: Tommi Hynynen / SF Studios
Sir Winston Churchills karakteristiske røyst fyller lerretet medan finske troppar held stand mot russarane. Den store statsleiaren hyllar finnane for «sublim» motstand mot den sovjetiske invasjonen. Slik opnar Ukjent soldat, ei av Finlands største forteljingar om bragdene i vinterkrigen (1939–40), men også om mørkret som senka seg over landet under framhaldskrigen (1941–44).
Ukjent soldat er basert på ei bestseljande bok frå 1954, som er filmatisert for tredje gong i høve 100 år med finsk sjølvstende. Og påkosta er han. I alt frå kostyme og andre tidskolorittar til storslegne krigskampar i finske skogar. Her er filmen på sitt mest intense og spennande.
Vi følger ei gruppe finske soldatar. Dei er alle erkefinske karakterar på sitt vis. Antti Rokkola (Aho) er det næraste vi kjem ein hovudrollefigur, ein snakkesalig familiefar med notorisk manglande respekt for autoritetar og militær disiplin. Han er òg ein meister i kamp, og fortonar seg som eit mareritt for russarane.
Rokkola og fleire av dei andre soldatane har òg eit liv på heimebane, og filmen gjer eit stort poeng ut av kryssklipping mellom lengtande damer og krigstrøytte menn. Det er eit litt for enkelt dramaturgisk triks.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.