Musikk
Trønderbarokk
Korleis klang musikken i Trondheims sosietetsliv på 1700-talet?
1700-talets Trondheim, med domen til venstre og katedralskulen til høgre. Prospekt av Joh. F.L. Dreier frå 1800 (utsnitt).
Foto: Vitenskapsmuseet NTNU
Gunnerusbiblioteket i Trondheim blei stifta i 1768 som del av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Dette eldste vitskaplege biblioteket i Noreg har ei omfattande manuskriptsamling med musikaliar, altså notar, som vitnar om det rike og internasjonalt orienterte musikklivet der på 1700-talet. (Til dømes var det via Trondheim musikken til J.S. Bach kom til Noreg på tampen av hundreåret.)
Barokkensemblet til Trondheim Symfoniorkester og Opera, der barokkfiolinisten Sigurd Imsen er solist, gjev oss på albumet The Trondheim Concertos døme på repertoar som blei spelt for – og sikkert også av – byborgarskapen. Overklassen levde i luksus; han hadde tent seg søkkrik på tømmer- og fiskeeksport, og ikkje minst på malmen frå dei trønderske kopar- og jerngruvene. Vitnesbyrd om velstanden er dei mange store trepaléa som framleis pregar bybiletet, eksempelvis Stiftsgården og Hornemansgården.
Sprøtt og spenstig
Ein bauta i musikklivet var Johan Daniel Berlin (1714–1789) frå Memel i Preussen (i dagens Litauen), som etter læretid i København blei stadsmusikant i Trondheim i 1737. Delar av den store musikaliesamlinga hans er i dag oppbevart i Gunnerusbiblioteket.
Albumets fyrste verk er fiolinkonserten i G-dur av Joseph Meck (1690–1758), som var ein av dei fyrste tyskarane som komponerte solokonsertar i stilen til Antonio Vivaldi (1678–1741). Meck var så god til dette at ein seinare forveksla hans musikk med Vivaldis. Imsen spelar solostemma i den rolege fyrstesatsen med slank og vibratolaus tone, til eit fyldig orkesterakkompagnement der den klangsterke bass-seksjonen sørgjer for stødig driv. Dei to snøgge satsane har begge herleg «sprø» og spenstig orkesterklang, der cembaloen nærast fungerer som perkusjonsinstrument.
Ko-ko-konsert
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.