Bok
Trø meir varleg?
Helene Uri har gitt seg ut på eit risikofylt prosjekt, og skrive ein god roman.
Helene Uri er språkvitar og forfattar.
Foto: Julie Pike
Når eg skriv denne bokmeldinga, blæs det kraftig ute, med storm i kasta. Det har også rokke å bli storm rundt Helene Uris siste roman, I mitt lune hi, som er basert på ei verkeleg hending som hamna i rettssystemet i 2020: Ein mann hadde filma leigebuarane sine med hemmeleg installerte kamera.
Aftenposten og Dagbladet har vore i kontakt med dei verkelege offera, som finn utgivinga forkasteleg. Mi oppgåve er å vurdere verket som roman, men eg vil òg vende tilbake til dette punktet.
Lesarens puslespel
Bjørn er ingeniør i Oslo kommune, han er fråskild og har overtatt barndomsheimen i eit villastrøk utanfor sentrum. Ein dag leiger han ut sokkelleilegheita til Anne Marie og dottera Angelica. Der skal dei bu i fleire år, og dei siste åra blir dei utsette for den inngripande filminga, noko Anne Marie oppdagar tilfeldig. Då det går opp for ho at ho er filma på sitt mest private og intime – til Bjørns sjølvtilfredsstilling – melder ho han til politiet.
Kapitla gir oss vekselvis Bjørns og Anne Maries synsvinkel. Bjørn fortel på eit sobert bokmål, Anne Marie på eit breiare. Imellom kjem referat frå den faktiske rettssaka.
Meir enn noko anna er romanen eit djupdykk i kompleksiteten som herskar mellom desse to fiktive bueiningane. Raskt får etasjane eit godt forhold, Bjørn hjelper Anne Marie med praktiske og økonomiske ting og med å passe dottera. Dei tilbringar mykje tid saman, og så seint som i rettsførebuingane kjem det fram at Anne Marie har mykje å takke Bjørn for.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.