Teater

Triumfen i det tragiske

Sara Khorami spelar hovudrolla som Antigone.
Sara Khorami spelar hovudrolla som Antigone.
Publisert

Det er forunderleg, og mest litt nedslåande, kor evigaktuelle dei gamle tragediane frå antikken er når dei verkeleg fungerer på scenen. Det kraftige spennet mellom sivil lydnad og personleg overtyding som til dømes finst i Antigone av Sofokles, skrive om lag 450 år f.Kr., kan visst aldri tape aktualitet. Men eit slikt stykke må sjølvsagt spelast på eit vis som kommuniserer med samtida si. I norsk teater har ein ikkje alltid fått dette til, men denne gongen er det i fullt mon pengane verdt.

Regissør Johannes Holmen Dahl og scenograf Nia Damerell har strippa ned stykket til eit tidlaust, reint oratorium på ein naken, mørk scene, der det visuelle miljøet utelukkande er gjort av lys- og skuggeeffektar, eit nydeleg arbeid av lysdesignar Norunn Standal. Den auditive bakgrunnen er eit vedvarande akkompagnement på slagverk, suggererande utført av Elisabeth Nesset.

Men til sjuande og sist kviler sjølvsagt det heile på skodespelarane og den menneskelege faktoren. I ein langt på veg frontal spelestil, med lite fysisk artisteri, og ein stort sett lågmælt, men intens replikkføring, kjem dei mot oss med brennande kjensle, både Sara Khorami, som den modige, kompromisslause Antigone, Jon Bleiklie Devik som den provoserte, men gradvis erkjennande kong Kreon, da ikkje minst i ein hjarteskjerande konfliktdialog med sonen Haimon, spela med ærleg varme av Christian Ruud Kallum. Rolla som den gamle spåmannen Teiresias er slått saman med rollefunksjonen Koret, og Gjertrud Jynge utfører denne dobbeltrolla med myndig, lagnadssvanger ro.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement