Musikk
Trioplate med noko attåt
Espen Berg & Co viser nye sider.
Espen Berg Trio med Espen Berg (i midten), Simon Olderskog Albertsen (t.h.) og Bárdur Reinert Poulsen.
Foto: Leikny Havik Skjærseth
Espen Berg Trio er ute med den fjerde plata si. Debuten Mønster kom i 2015 på selskapet Atterklang. Dei tre andre er komne på Odin. Med Free to Play (2019) la dei lista høgt. Trioen legg ikkje opp til å «hoppa etter Wirkola». Til det er dei to platene for ulike. Sjølvsagt er det parallellar. Berg har skrive det meste av stoffet, besetninga er den same og det heilskaplege uttrykket går i nokon mon att, men skilnadene er kanskje meir markerte?
Ved første gjennomhøyring verkar Free to Play meir gladlynt og improvisert, medan Fjære i større grad er arrangert og klangleg og dynamisk søkjande. På førstnemnde dyrkar trioen sitt eige selskap. På sistnemnde har dei invitert Eick, Paulsberg og Nergaard.
Desse invitasjonane har kasta av seg. Det absolutte høgdepunktet på plata er «Åkervise» med Paulsberg, berre så intelligent lyttande og småpratande som ho kan vera, og ho får så til dei grader høveleg svar frå Simon Olderskog Albertsen. I «Vintermørke» utviklar trioen og Eick den musikalske dramaturgien i nærkontakt med temaet. Først utfordrar Poulsen dei relativt stramme rammene, så er det Eicks tur, og Berg følgjer på. Alt gjort på særs velforma vis. Nergaard tolkar Paul Simons «I’d Do It for Your Love» på nake og naivistisk vis, og Poulsen vartar opp med eit nydeleg basskor.
Samstundes inneheld plata nokre reine triolåtar som tek ensemblet til nye høgder. «XVII» har ein herleg gospel-/flamencogroove som trioen leikar seg med. Med same fridom nærmar dei seg den intrikate «The Fourth Awakens», og i «Nikolai» får dei fram kvar drope av blå glede som det melodiøse temaet måtte ha.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.