Musikk

Tretten er eit lykketal

Britisk indiepop­trio gjev seg på topp.

Saint Etienne.
Publisert Sist oppdatert

Midtvegs på det siste, trettande, albumet til britiske Saint Etienne kjem den sentrale låten «Save it for a rainy day». Ein nærast banalt enkel popsong der vokalist Sarah Cracknell syng om å vere tett omslyngd, medan røysta er tett omslyngd av eit sprettent syntharrangement. Det er sånn sett eit godt døme på både band og album.

For sjølv om dei er oppkalla etter eit fransk fotballag, har London-trioen i 35 år meir leika med enn spelt musikk. Dei kunne knapt spele då dei fekk mykje merksemd med tolkinga av Neil Young-klassikaren «Only love can break your heart» i 1990. Alt då budde dei i eit eige rom der melankolsk retrofuturisme, dansegolv og kjærleik for musikk møttest.

International viser at dei ikkje har endra seg veldig mykje sidan då. Og at Bob Stanley, Sarah Cracknell og Pete Wiggs framleis har mykje godt for seg. Dei miksar euforiske rytmar med bittert vemod, utan å miste verken dansen eller livsgleda, eller den nerdete entusiasmen for musikk. Det er ein grunn til at ein låt er oppkalla etter det australske rockebandet «The Go-Betweens», berre utan bindestreken. Eit band som ikkje klarte å halde saman.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement