Musikk
Trestemt harmoni med dunkel grunntone
Den australske trioen Folk Bitch viser fordelane ved å jobbe sakte og målretta og ha eit namn som straks set seg.
Heide Peverelle (t.v), Jeanie Pilkington og Grace Sinclair er Folk Bitch Trio.
Foto: Copper Taylor-Bogaars
At namnet ikkje skjemmer nokon, er blank løgn. Alle gode, lange karrierar i popmusikken startar med namnet.
Reginald Kenneth Dwight, Stefani Joanne Angelina Germanotta og Robert Zimmerman veit det. Australiarane Gracie Sinclair, Heide Peverelle og Jeanine Pilkington har òg skjønt det. Sinclair, Peverelle & Pilkington høyrest ut som eit advokatkontor du definitivt ikkje vil ha brev frå. Ei namnerekkje som på ingen måte vekkjer assosiasjonar til musikk, og i alle fall ikkje til den optimale blandinga av Crosby, Stills, Nash & Young, Nick Drake og Big Thief.
Det er likevel nett det Folk Bitch Trio er. Debutalbumet har ti songar for trestemt vokal og gitar, med milde melodiar og tekstar som er mykje meir direkte, utleverande og – vel – intime og mørke enn dei varsame melodiane bak skulle antyde. Langt meir sanselege enn det ein kan vente seg frå det punk-ironiske namnet.
Ein kunne høyre dei allereie på samarbeidet med den framleis lite kjende kvintetten – og sambygdingane – Bones and Jones i 2022. Å kalle nokon frå millionbyen Melbourne for sambygdingar er sjølvsagt å tøye omgrepet, men når ein er i visesjangeren, må det vere greitt. Låten «Friendly Neighbour» er jovial på utsida, med fingerspelt gitar og ein drøymande slidegitar. Teksten handlar derimot om ein kvardag der alt – tid, tankar, relasjonar – flyt, og om å prøve å halde på fasaden ein klamrar seg til. Indre tomleik, sameint i trestemt song.
Brytningstid
Med unntak av det noko overproduserte arrangementet er det nett slik Sinclair, Peverelle & Pilkington høyrest ut tre år seinare. Berre meir konsentrert, lyrisk og til dels kryptisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.