Film

Treffande trikolor

De elendige er spennande, truverdig, aktuell og balansert ­– og berre enormt bra.

Ladj Lys film var Oscar-nominert til beste utanlandske film og vann juryprisen på filmfestivalen i Cannes i fjor.
Ladj Lys film var Oscar-nominert til beste utanlandske film og vann juryprisen på filmfestivalen i Cannes i fjor.
Publisert

Opningsscena av De elendige kokar. Folk flokkar til sentrum av Paris for å sjå VM-finalen i 2018. Til og med forstadsungdom feirar med Champs-Élysées og Eiffeltårnet som kulissar. Flagg og bluss vaiar. Alle syng nasjonalsongen. Dagen etter startar ferskingen «Brylkrem» Ruiz (Bonnard) i krimgruppa til «Den rosa grisen» (Manenti) og Gwada (Zonga) i forstaden Montfermeil. Ein ny dag truar mellom blokkene med bortstua borgarar som er vane med brutalitet frå ordensmakta. Unge Issa (Perica) irriterer heile maktsjiktet med å stele høner, men ein dag skaper påfunna hans meir bråk enn vanleg.

Usosial kontrakt

Regissøren Ladj Ly voks sjølv opp i same strøket. Han har ein treffsikker teft for nyansar. Den einaste moralpreika kjem frå orda til Victor Hugo om at det ikkje finst dårlege planter eller folk, berre dårlege dyrkarar. Ly peikar korkje på politi eller røvar, men på tiår med leiarar som har late usosiale forhold bløme til stigande sinne hjå dei miserable. Nett som på 1800-talet.

Sjølv om politiet har ein kriminell framgangsmåte og brukar eit diskriminerande språk som ein kan assosiere med gjengkultur, er dei heile menneske. På same sett er ikkje banlieuen busett av ubrukelege, truande typar som passar i verdsbiletet til røvaren Nicolas Sarkozy. Ly har ikkje laga ein tradisjonell film om gjengvold eller ekstremisme. Som Hugo går Ly langt i å seie at sinnet er rettvist.

Asosiale media

Estetisk slår De elendige hardt. Dei mest kaotiske scenene er sette i scene med presisjon og intensitet. Kameraføringa gjev oppjaga stemning. Der andre filmar tyr til dronar for å få billege oversiktsbilete, har dronar her ein effekt som hevar nivået. Både bruken av sosiale medium til overvaking og bruken av kamera for å filme maktovergrep gjer den franske klassikaren moderne. Det sosiale spelet er samansett, òg på nett. Når mediedekkinga manglar menneskeleg djupn, er denne forteljinga verkeleg verdifull.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement