Bok

Traurig oppvekst

Hilde Charlotte Blomberg skriv tidvis fint og truverdig om ikkje å bli sett.

Hilde Charlotte Blomberg gav ut ei diktsamling i 2023, men debuterer som romanforfattar no.
Publisert Sist oppdatert

Mordatter er ei diktsamling av Karin Moe frå 1985, og tittelen kan splittast opp i «mor datter» eller i «mord atter». Under lesinga av Hilde Charlotte Blombergs roman om mora Wenche Blomberg (1943–2023) får eg ei uggen kjensle av å vere vitne til eit karakterdrap motivert ut frå omsorgssvikt.

Wenche Blomberg var ein respektert og prislønt forskar, forfattar og journalist, politisk aktiv og pådrivar for opprettinga av Fjellbiblioteket på Rondvassbu og skogfinnmuseet på Svullrya. Ho var medlem av AKP (m-l) og levde meir for partiet og politikken enn for dottera; alt som spedbarn blei ho overlaten til barnevakter og venner, etter kvart også til barnevernet og til fosterheimar, mens mora dreiv med sitt.

Drepande kritikk

Hilde Charlotte Blomberg ser bak den fasaden av meiningsfylt og vellukka liv som mora likte å vise fram, for ho kjente tidleg at ho ikkje var del av dette meiningsfylte, og da ho fekk antatt debutboka Min prikkete søster (2023), fekk ho beskjed frå mora om å roe seg ned eit hakk, og forlaget Cappelen Damm hadde ho ikkje stort til overs for. I staden for å rose dottera kjem ho med ein drepande kritikk, for ho ser i realiteten ingen andre enn seg sjølv. Derfor var det i periodar brot mellom mor og dotter.

Før ho døydde, deponerte Wenche Blomberg det private arkivet sitt til Nasjonalbiblioteket, og det er dette arkivet som er det faktiske grunnlaget for romanen. Når dottera går igjennom dette materialet, får ho eit større innblikk i kven mora eigentleg var, kva ho skjulte og kva ho ville vise fram. Wenche Blomberg skreiv dagbok frå 1963 og livet ut, ho tok vare på brev, e-postar, avisartiklar, referererte telefonsamtalar, meldingsbøker frå barneskolen, journalar frå behandling i ulike institusjonar, bilde og videokassettar, alt mogleg.

Ein får også innsikt i mora sin eigen oppvekst prega av ein alkoholisert far, barnevern og fosterheim, og i ein av journalane frå eit opphald ved ein psykiatrisk institusjon blir ho frårådd å få barn, kanskje på grunn av manglande omsorgsevne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement