Musikk

Transformasjonar

Årets Bachfest synte komponisten som sin eigen største imitator.

Thomaskyrkja i Leipzig, Bachs arbeidsstad gjennom 27 år.
Publisert

«Bachs musikk er alltid betre enn han nokon gong kan spelast», sa den austerrikske pianisten Artur Schnabel (1882–1951). I utgangspunktet er eg skeptisk til romantisk heltedyrking, men Schnabels karakterisering har noko føre seg. Ingen tonekunstnar i musikksoga etterlét seg nemleg verk med så rikhaldig indre substans, så konsekvent musikalsk arkitektur at han mest ikkje lèt seg øydeleggja, uansett kor dårleg han blir framført.

Dette gjer at stykka kan omarbeidast til nesten kvart instrument som helst utan å tapa seg vesentleg i kvalitet. Seinast då eg kryssa Leipzigs gamle marknadsplass på festivalens siste dag, der ein dyktig trekkspelar lira av seg orgelpreludia og -fugane i eit parodisk høgt tempo, blei eg mint om dette.

Gjenbruk

«Transformasjon» var mottoet for årets Bachfest, eit tema konsertane – utan at det nokon gong verka påklistra – spegla på ymse vis. Bach var eit barn av si tid: Han studerte ivrig stilen til eldre og samtidige kollegaar, forkasta det dårlege og tok til seg og omforma det han likte. Han arrangerte framande komposisjonar, oftast Antonio Vivaldis, til eige bruk, særleg for cembalo og orgel. Og ikkje minst var han sin eigen største imitator: Mykje av det me kjenner som hans ypparste åndsverk – h-moll-messa, pasjonane, juleoratoriet, til dømes – inneheld mange satsar som er gjenbruk av eldre og mindre kjende Bach-komposisjonar, med ny tekst. Felles for omarbeidingane er at ingen, utan å vita det på førehand, ville tru at musikken ikkje er «original». Den indre substansen er så rik at han høver til det meste.

Rekordstor

Bachfest er ein festival i vekst, og aldri har han vore større enn i år. For fyrste gong baud han på over 200 framsyningar (til skilnad frå 160 i fjor), med mest 3700 utøvarar. Desse fordelte seg på 38 kor, 34 orkester, 250 kammermusikarar, nærare 180 songsolistar og høvesvis 50 instrumentalsolistar og dirigentar. Talet på selde billettar var 75.000. Fleire konsertar enn vanleg var heilt utselde, og at ingen av framsyningane hadde mindre enn 90 prosent selde billettar, seier sitt om populariteten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement