Musikk

Tramp då og no

Marius Lien har skrive bok om Knut Reiersruds Tramp.

Det første soloalbumet til Knut Reiersrud kom ut i 1993, men Kirkelig kulturverksted har relansert vinylutgåve i haust.
Det første soloalbumet til Knut Reiersrud kom ut i 1993, men Kirkelig kulturverksted har relansert vinylutgåve i haust.
Publisert

Det hadde gått eit minutt eller så av «Jarabe» då den eksplosive røysta til Alagi M’Bye så å seie bles opp alle dørene i songen, og det med ei kraft eg – som 21-åring – ikkje hadde høyrt før. Året var 1993, og eg lytta til Knut Reiersruds Tramp for første gong.

Trøkket i vokalen hadde noko rått og ukalkulert over seg, og det var ukjent territorium for ein som dagleg slukte velpolerte studioproduksjonar frå den vestlege plateindustrien. Det inderlege kjendest så risikabelt og tiltrekkjande, heilt ulikt den kule, eplekjekke britpopen som strøymde frå høgtalarane på kvar fest.

Augeopnar

Ein song kan gå til regelrett åtak på sanseapparatet ditt og eksponere deg for noko du ikkje visste fanst – noko du treng å vite om, og vil høyre meir av. Slik var det med «Jarabe». Eg kjende jo ikkje til ein slik måte å synge på, og eg hadde heller aldri høyrt ein kora, det vestafrikanske strengeinstrumentet som har ein slik sentral plass på Tramp.

Albumet vart ein musikalsk augeopnar for meg. Det låg ei eiga lita danning berre i det å ta innover seg det musikalske møtet det baud på – som fekk utfalde seg på fleire norske scener i året som følgde. (Biten av basillen var eg på plass både på Voss og i Bergen.)Gambiarane Juldeh Camara, Amadou Sarr og M’Bye spela saman med eit knippe norske musikarar vi kom til å høyre i ulike konstellasjonar tidt og ofte dei neste åra: gitarist Reiersrud, bassist Audun Erlien, perkusjonist Paolo Vinaccia – som fekk meg til å tenkje nytt om kva perkusjon er og kan vere – og organist Iver Kleive.

Og som om ikkje dette var nok, opna også Tramp dørene til den nordamerikanske musikken, for sjølvaste Five Blind Boys of Alabama var med og song – alt dette på éi plate!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement