Tramp då og no
Marius Lien har skrive bok om Knut Reiersruds Tramp.
Det første soloalbumet til Knut Reiersrud kom ut i 1993, men Kirkelig kulturverksted har relansert vinylutgåve i haust.
Foto: Gitte Johannessen / NTB
Bøker
Marius Lien:
Knut Reiersrud Tramp
Norske albumklassikere
Det hadde gått eit minutt eller så av «Jarabe» då den eksplosive røysta til Alagi M’Bye så å seie bles opp alle dørene i songen, og det med ei kraft eg – som 21-åring – ikkje hadde høyrt før. Året var 1993, og eg lytta til Knut Reiersruds Tramp for første gong.
Trøkket i vokalen hadde noko rått og ukalkulert over seg, og det var ukjent territorium for ein som dagleg slukte velpolerte studioproduksjonar frå den vestlege plateindustrien. Det inderlege kjendest så risikabelt og tiltrekkjande, heilt ulikt den kule, eplekjekke britpopen som strøymde frå høgtalarane på kvar fest.
Augeopnar
Ein song kan gå til regelrett åtak på sanseapparatet ditt og eksponere deg for noko du ikkje visste fanst – noko du treng å vite om, og vil høyre meir av. Slik var det med «Jarabe». Eg kjende jo ikkje til ein slik måte å synge på, og eg hadde heller aldri høyrt ein kora, det vestafrikanske strengeinstrumentet som har ein slik sentral plass på Tramp.
Albumet vart ein musikalsk augeopnar for meg. Det låg ei eiga lita danning berre i det å ta innover seg det musikalske møtet det baud på – som fekk utfalde seg på fleire norske scener i året som følgde. (Biten av basillen var eg på plass både på Voss og i Bergen.)Gambiarane Juldeh Camara, Amadou Sarr og M’Bye spela saman med eit knippe norske musikarar vi kom til å høyre i ulike konstellasjonar tidt og ofte dei neste åra: gitarist Reiersrud, bassist Audun Erlien, perkusjonist Paolo Vinaccia – som fekk meg til å tenkje nytt om kva perkusjon er og kan vere – og organist Iver Kleive.
Og som om ikkje dette var nok, opna også Tramp dørene til den nordamerikanske musikken, for sjølvaste Five Blind Boys of Alabama var med og song – alt dette på éi plate!
Albumklassikarar
Eg har hatt stor glede av å vende tilbake til Tramp denne hausten, for ikkje berre er albumet relansert på vinyl av Kirkelig Kulturverksted – Marius Lien har også skrive ei fin lita bok om plata, i serien Norske albumklassikere, nok eit prosjekt vi kan takke Christer Falck for. Det er sikkert fleire enn meg som er glade for ein norsk vri på Bloomsburys 33 1/3-serie og ønskjer seg engasjert musikkessaystikk innretta mot vårt hjørne i verda. Eg kunne ha løfta fram fleire av bøkene i Norske albumklassikere her, for serien framstår som eit viktig formidlingsprosjekt for både dei som vil lese om, og dei som vil skrive om musikk – Charlotte Myrbråtens ferske Razika-bok ligg på bordet framføre meg.
Lien har gjort eit framifrå stykke arbeid og balanserer fint mellom alle dei elementa ein ønskjer seg frå ei slik bok: ei konsis innføring i musikalske røter (Gambia, Mississippi, Telemark/Hardanger/Setesdal og musikkmiljøa i Oslo) vert følgd av utførlege kapittel om innspeling i Rauland og Gamle Aker kyrkje i Oslo, og det er også plass til meir om både bakgrunnen for prosjektet og avtrykket det etterlét seg – inkludert ein diskusjon om kva vi skal tenkje om ideane rundt såkalla «verdsmusikk» med ein 2022-optikk.
Det er til Liens forteneste at han vekslar smidig mellom det musikalske, kulturelle og anekdotiske, for berre slik vert det levande tekst om levande musikk. No veit eg meir om akkordrekkja til «Jarabe», at M’Bye truleg var tuberkulosesjuk då han song (!), og at krafta i røysta hans tvang teknikar Truls Birkeland til å flytte han bort frå dei andre musikarane i kyrkja på Rauland, slik dei ikkje skulle drukne i opptaket. Dette og mykje, mykje meir kan ein lese om i Liens bok om ei utgiving som snart tre tiår seinare står seg som sentral i norsk musikkhistorie.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.