Musikk

Tradisjonsberaren og slåttekomponisten

Dette er ein fin presentasjon av korleis lokal tradisjon og sentraleuropeisk påverknad samstundes kan påverka folkemusikken

Reidun Røssaak og Per Bolstad fotograferte i 1928.
Publisert Sist oppdatert

Per Bolstad (1875-1967) var ein av dei viktigaste formidlarane av folkemusikk – særleg frå Nordfjord og Sunnmøre – i førre hundreåret. Som idealist var han forvaltar av lokal folkemusikktradisjon, samstundes som han var ein nyskapapande og populær komponist, særleg kjend for runddansmusikken sin. I heimbyen Ålesund var Per Bolstads ensemble mykje nytta ved dansearrangement og teateroppsetjingar, og allereie i 1927 spelte Bolstad for første gong i radio.

Det meste av opptaka på denne utgjevinga er henta frå NRK si rikhaldige folkemusikksamling, men noko er privatopptak som Alfred Bismo gjorde i 1955. Mykje av Bolstad sin musikk har vore utgjeven på plater, ikkje berre utført av Bolstad sjølv, men og andre framståande felespelarar frå Alfred Maurstad til Arvid Engegård. Men det unike ved denne doble CD-en er at den eine plata er vigd til Bolstad si framføring av tradisjonsmusikk, medan den andre plata utelukkande inneheld Bolstad sine komposisjonar. I tillegg førekjem ein og annan munnleg presentasjon av musikken, noko som i seg sjølv er interessant, men som dessutan gjev ein sjarmerande tidskoloritt.

Bolstad var tilliks med fagfeller som Arne Bjørndal og Eivind Groven både oppvaksne med det tradisjonelle, munnleg overleverte slåttespelet og notekunnige. Og denne dobbelkompetansen var noko dei nytta seg av både som tradisjonsforvaltarar (i form av noteoppskrifter av eldre slåttar) og komponering av nye slåttar. Bolstad vart blind rundt 1928, og etter den tid var det særleg niesa Reidun Røssaak som hjalp han med noteskrivinga. Det er og ho som spelar piano på ei rekke av opptaka. Pianospel til slåttemusikk har ikkje vore særleg vanleg, og såleis er dette ganske unike opptak. Og påverknade frå klassisk musikk er på mange måtar til stades i opptaka med ensembelet (som ofte er sett saman av feler, piano og klarinett) og slektskapen til wienervalsar og liknande salongmusikk er tydeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement