Bok

Tørketrening

Eld og vatn gjer krav på merksemd i Anna Kleivas miljøsensitive dikt.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Publisert Sist oppdatert

«Let’s get out of this hellscape», sukka ein skotsk kollega etter ein konferanse om oljekultur i Los Angeles i fjor. Han sikta mellom anna til dei menneskefiendtlege trafikkmaskinane og dei groteske sosiale skilnadene i den amerikanske millionbyen.

Få månader seinare vart Los Angeles-regionen ramma av fatale skogbrannar, og omgrepet «helveteslandskap» fekk med eitt ny tyngd. Vel heime i fuktigare miljø kunne me via TV-skjermane sjå klimaapokalypsen utspele seg i Hollywood Hills.

Slåande bilete

Eg les den nye diktboka til Anna Kleiva som ein poetisk meditasjon over hendingane i California sist vinter. Miljøet i Triks liknar det som vart skildra i prosaboka hennar frå 2018, Echo Mountain: Forteljingar frå L.A., men stemninga er no meir dystopisk: I diktet «Byen brenn» finst hjarteskjerande liner som «flammande fuglar flaksar/ mot himmel før dei smuldrar/ frå vengen og inn/ raskt/ som avispapir».

Slike slåande bilete er det mange av i Kleivas dikt. Men ikkje alle er like dystre. Her finst òg vittig harselas over kosmetikkindustrien og kjendisars absurde strev etter evig ungdom. Dagens påverkarar og bibelske profetar flyt saman i tankevekkjande konstellasjonar: «Og midt i elva stod døyparen og reinska porer og sjeler, han stod midt i straumen og var ein portal til vår tid».

Døyparen Johannes med den asketiske livsførsla si er ein viktig gjennomgangsfigur i Triks, men Kleiva aktiverer eit mangfald av kjelder. Oscar Wilde, Ovid, Lillebjørn Nilsen, Space X og Sokkeldirektoratet er berre nokre av dei. Paulus blir òg sett i spel: «For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. Respiratortrening. Varmetrening. Tørrtrening. Tørketrening. Rykktrening. Undergangstrening.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement