Musikk

Tonande politikk

Årets Händel-festspel i Halle handla om musikk og makt.

Georg Friedrich Händels (1685–1759) fødehus i Halle er no Händel-museum.
Georg Friedrich Händels (1685–1759) fødehus i Halle er no Händel-museum.
Publisert

Det er merkeleg å tenkja på: Johann Sebastian Bach og Georg Friedrich Händel blei fødde same året, og Händels heimby Halle (ein times togtur sør for Berlin) er naboby til Leipzig, der Bach var kantor. Likevel møttest dei aldri personleg. Kvifor?

Bach freista å treffa Händel, men denne var tilsynelatande ikkje interessert. Som kunstnarar og menneske var dei då òg særs ulike. Den konservative kyrkjemusikaren Bach heldt seg stort sett heime, medan Händel var sjølve sinnbiletet på komponisten som kosmopolitt: ein kunstpolitisk entreprenør som elegant omgjekst Europas fyrstar og kongelege.

Uansett: I juni har dei kvar sin internasjonalt største festival, berre fire mil unna kvarandre. Medan hovudfokuset under Bachfest i Leipzig er på kyrkjemusikken, er det operaane som dominerer Händel-Festspiele i Halle. Denne 17 dagar lange festivalen, som feira 100-årsjubileum i fjor, baud i år på 70 konsertar fordelte på 17 spelestadar.

Orlando på Tinder

Seks av Händels i alt 42 operaar blei sette opp under årets Händel-festspel, mellom anna hovudverk som Serse, Rinaldo, Giulio Cesare og Orlando. Den sistnemnde (frå 1733) tek utgangspunkt i det gamalfranske Rolandskvadet frå 1100-talet, med Roland (Orlando på italiensk) i hovudrolla, ein elskhugssjuk hærførar på kong Karl den stores tid.

Orlando-fram­føringa til Händel­festspiel­orchester i operahuset i Halle 7. juni, der den britiske barokkoperaeksperten Christian Curnyn dirigerte, var musikalsk ypparleg. Iscenesetjinga til den britiske regissøren Walter Sutcliffe kunne eg derimot styra meg for. Det var typisk regiteater, med halvnakne damer og riddaren Roland som hyperaktiv på bileteappen Instagram og sjekkeappen Tinder.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement