Film

Tøff nok

Terminator-maskineriet tek eit godt steg opp.

Linda Hamilton og Natalia Reyes i ein ny Terminator-film.
Linda Hamilton og Natalia Reyes i ein ny Terminator-film.
Publisert

Den sjette Terminator-filmen handlar sjølvsagt om å drepa robotar frå framtida for å redde verda. Ein avansert terminator har i oppdrag å drepe den meksikanske bilfabrikkarbeidaren Dani (Reyes). Ho får hjelp av det teknologisk forbetra framtidsmennesket Grace (Davis) og segnomspunne Sarah Connor (Hamilton) for å overleve.

Aiai, AI

I motsetning til dei siste tre Terminator-filmane følgjer Terminator: Dark Fate opp historia frå dei to filmane James Cameron laga i 1984 og 1991. Både Linda Hamilton og Arnold Schwarzenegger stiller i godt modna variantar av sine gamle roller. Estetikken er på same nifse nivå. Deadpool-regissør Tim Miller har med mørke og metahumor. Etter ei hektisk opning får ein fleire pusterom der figurane får etablere seg, og ein får klare kontekstar og pompøse talar mellom slåstinga. Premissen om kunstig intelligens på sjølvstyr er som i 1984, men nokre utfordringar kjennest nærare no. Dagens terminatorar treng ikkje telefonkatalog. Filmen streifar innom digitale spor, dronar, maskiner som tek arbeidsplassar, migrasjon og tryggleik i Mexico.

Three amigas

Hamilton er råtøff, og Schwarzenegger er skikkeleg morosam fleire gonger. Leiken med dei gamle figurane er fin. Forholdet mellom trioen i tet sit godt, men det er Dani som skal finne seg sjølv som frontfigur. Natalia Reyes tar steget frå colombiansk fjernsyn via det flotte eposet Birds of Passage til hollywoodsk Mexico med stil. Etter den stusselege samlebandsopplevinga Terminator Genisys er Terminator: Dark Fate ein opptur takk vere vittige vitsar, aktuell tematikk og tøffe tauser. Nokon kjem tvillaust til å kome tilbake.

Etter den stusselege samlebandsopplevinga Terminator Genisys er Terminator: Dark Fate ein opptur takk vere vittige vitsar, aktuell tematikk og tøffe tauser.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement