Tøff keisarinneFaktabokLinn T. Sunne og Jenny Nordahl (ILL.):Katarina den store Gyldendal Katarina den store
Jenny Nordahl har illustrert boka om Katarina den store.
Katarina den store er den tredje utgjevinga i ein serie om sterke kvinner i verdshistoria. Tøffe jenteskikkelsar i eit lettlese format er Linn T. Sunnes særmerke frå før. Ho står støtt på denne erfaringa når ho går over til å portrettere ein historisk person: ei russisk keisarinne.
Russisk var ho eigentleg ikkje. Ho heitte Sofia og vaks opp i Prøysen. Faren var snill, men mykje borte. Mora var streng og skuffa fordi dottera ikkje var gut. Snart må Sofia av garde med hest og kjerre til eit iskaldt St. Petersburg.
Vi møter ei glad og oppvakt jente med draumar og vilje. I store delar av forteljinga er ho på same alder som lesaren i målgruppa. Sunne diktar inn møte mellom menneske, dialog og tankar som lesaren vil identifisere seg med.
Jenny Nordahl har illustrert karakterane i ein tøysete og karikert stil, med morosame grimasar og andre leikne påpeikingar av det absurde livet ved det russiske hoffet. Elles er det grafiske oppsettet enkelt, med faktabolkar på farga bakgrunn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.