JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

To må ein vere

Helle Helle viser nok ein gong at ho er meister i å seie mykje, nesten utan å seie noko.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Helle Helle skriv frå eit område der ho sjølv voks opp.

Foto: Oktober

3331
20190208
3331
20190208

Roman

Helle Helle:

de

Omsett av Trude Marstein
Oktober

Favorittopningssetnings mi finst i Helle Helle-boka Ned til hundene: «Jeg leter etter et bra sted å gråte.» Starten på de er òg uforgløymeleg: «Senere går hun over jordene med et blomkålhode. Farvel til de kinaskoene.» Eg blir forundra og vil vite meir.

Gjennom fleire romanar er danske Helle Helle blitt godt kjend, også for norske lesarar, ved hjelp av Trude Marsteins fine omsetjingar. Sjølv set eg Helle høgt fordi ho ved hjelp av store motsetningar klarer å kapsle inn mykje, trass i få ord, få sider og lite ytre dramatikk. I romanuniverset hennar er det både lyst og mørkt, luftig og trongt, underleg og kvardagsleg, og til saman blir dette både mystisk og fullt forståeleg, på ei og same tid.

Små hint

Slik er også de, som altså har dette vesle pronomenet som tittel, skrive med små bokstavar. Dei er to personar, ei tenåringsjente og mor hennar, som bur heilt sør i Danmark, der Helle sjølv kjem ifrå, nokre tiår tilbake i tid frå notida. Vi følger den vesle familien gjennom eit år, og den 16 år gamle dottera er hovudperson.

Vi oppdagar fort at noko ikkje er som det skal vere. Først kjenner eg at stemninga er litt rar, for Helle er god til å gi små hint. Så får vi vite at mora er alvorleg sjuk. Men dette er ikkje noko mor og dotter snakkar om; mora seier alltid at «det går bra» eller «det går fint». Vi ser heller aldri at dottera snakkar med vener om dette.

I går var i dag i morgon

Absolutt alt i teksten er skrive i presens, sjølv om vi får mange tilbakeblikk: «Hun begynner i går». Like fort som vi får vite at det er eit tilbakeblikk, gløymer vi det og blir kasta inn i handlinga som om alt skjer no. Tida er altså ikkje så relevant her, alt i livet går på sett og vis føre seg på éin gong. Men dette grepet verken forvirrar eller hemmar. Eg opplever det heller berre som ein liten vri på røynda og perspektivet, litt på same måte som Helle ofte gjer reint språkleg i romanen: «Snøen daler i skinnet fra lyktene, når lyktene tennes, når det snør.» Dei glimrande språklege overraskingane kan minne om poesi.

Frå dei til ho

For dei to kvinnene handlar det om å halde det gåande, om å vere saman og flire i lag. Om å ommøblere, få det fint heime, sortere matoppskrifter, lage rabarbrakompott og bagettar. Og om plantar med morosame namn: spolebusk, buksbom, høymole, svigermorstunge. Noko er altså skrive svært detaljrikt, mens anna ikkje er det: «et veldig ubehagelig toalett», står det utan nærmare forklaring ein gong dottera går med uforretta sak når ho vil bruke fasilitetane på eit sjukehus. Det ytre er gjerne rikt skildra, mens dei indre opplevingane skal lesaren finne meir ut av sjølv.

Dottera begynner på gymnaset og får seg nye vener, ho er i den fasen der ein imiterer andre ungdommar som imiterer vaksne dei ser opp til, og ho gjer meir og mindre vellukka forsøk på å bli kjend med gutar. Men heime er det jo berre mor og dotter, nokon far finst ikkje, og dottera må dessverre rekne med å snart gå frå å vere ein del av eit dei til berre eit ho.

Katrine Judit Urke

Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det ytre er gjerne rikt skildra, mens dei indre opplevingane skal lesaren finne meir ut av sjølv.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis