Kunst
To hundre verk av Dahl kan aldri bli feil
Naturens kraft er ei overdådig utstilling, likevel ikkje større enn at ho skjerper appetitten for meir.
«Parti fra Bergens våg», ungdomsverk, 1806.
Foto: Dag Fosse/KODE
KODE 2, bygget som vi tidlegare kjende som Stenersensamlingen, viser ei velkomponert utstilling med måleri, skisser og teikningar av målaren Johan Christian Dahl (1788–1857). Det er laga ein fyldig utstillingskatalog der ein har lukkast i kunsten å formidle fagleg kunnskap gjennom eit godt og lettfatteleg språk.
Dahl har eit liv som eit folkeeventyr: Fattigguten frå Bergen slo seg opp som ein av dei leiande nasjonalromantiske målarane i Europa.
Han levde i ein periode då Noreg hadde fått smaken på sjølvstende, og han vart viktig i arbeidet med å finne den norske eigenarten. Han smelta saman kunst, filosofi og naturvitskap til måleri som endra måten ein oppfattar norsk natur på – den dag i dag. Samstundes arbeidde han med å bevare det han såg var i ferd med å gå tapt. Dahl gav kveik til eit gryande fortidsvern og nasjonalgalleri. Han tok opp tanken om å restaurere Håkonshallen og Nidarosdomen, fekk redda stavkyrkje og stavkyrkjekunst og var med på skipinga av Foreningen til norske Fortidsmindesmærkers Bevaring.
Eit talent får høve til å falde seg ut
Eg set stor pris på at kuratoren har sett av rikeleg med plass til dei tidlege verka. Det er tankevekkande å sjå arbeida frå tida han gjekk i lære som dekorasjonmålar i Bergen. Slik starta altså den store J.C. Dahl, den første internasjonalt kjende bildekunstnaren vår. Den tida fanst det ikkje kunstutdanning i Noreg. Måling var rekna som handverk. Ved sida av å pensle på stakittgjerde kunne Dahl få i oppdrag å lage scener frå byen og omlandet for rike bergensarar. Verka er måla i ein stram og klassisistisk stil, slik moten var. Sjølv om dette ikkje var fri kunst, er det noko friskt og lett over måten han fangar motivet i ein harmonisk heilskap som vart fanga opp av bergensarar som drøymde om ein norsk kunst. Etter ei kronerulling kunne han reise til København for å ta kunstutdanning. Då var han alt 23 år gamal.
Her er fleire arbeid frå tida i København. Gjennom bileta følgjer vi ei rasande utvikling mot eit sjølvstendig uttrykk, gjennom kopiar etter nederlandsk 1600-talsmåleri, grundige naturstudium og eigne norske fantasilandskap i romantisk stil. Verka er prega av ei sterk målarglede, som er med han gjennom heile karrieren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.