Bok

Tjukt og tynt om blod

«Kom det blod?» Såra i barndommen var ikkje mykje verde om det ikkje kom blod, berre då kvalifisererte dei til plaster og trøyst. I Blodige fakta lærer barna meir om denne viktige væska, både medisinsk, historisk og kulturelt.

Sjølv om ungdomsromanen er hovudsporet i forfattarskapen til Ingelin Røssland, peikar dei lettlesne bøkene hennar mot same målsetting: Ho skriv for å motivere fleire til å lese. Dette er den andre lettlesne faktaboka ho gjev ut saman med illustratør Jenny Jordahl. Hårete fakta kom i fjor.

Fagtekstane utgjer 14 små kapittel som kan lesast uavhengig av kvarandre. Dermed kan lesaren bla fram og tilbake som han vil, lese opp att eller hoppe over. Det gjer boka både lettare og kjekkare å lese.

Visste du at blod kan ha ulike fargar? Og at blodårene i kroppen din rekk to gonger kring jordkloden? Boka er full av fasinerande fakta, men basiskunnskapen blir for tynn. Ei bok om blod bør seie om noko om kva blod er. Det lærer vi lite om i Blodige fakta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement