Teater
Tivoli er ikkje teater
Det Norske Teatret gjev ein energisk, men høgrøysta andletsløft på ein klassikar.
Petter Winther er framifrå i rolla som utroparen.
Foto: Erik Berg / Det Norske Teatret
Den tysk-austerikske forfattaren Ödon von Horvath skreiv i si tid romanar og skodespel som var brannfaklar i 30-åras Midt-Europa, ein epoke vi jo veit var ei akselererande krisetid. Det kjem jamleg nye tider der vi ottast for framtida vår, og sjølv om teikna ikkje er identiske med dei i fortida, har diktarar som Horvath og andre frå dazumal jamleg fått fornya aktualitet.
Skodespelet Kasimir og Karoline handlar om unge menneske på eit tivoli under den store Oktoberfesten (den tradisjonsrike ølfestivalen i München). Trass i fattigslege og usikre levekår går dei inn for å more seg og gløyme kvardagens tristesse for ei stund. Møte med nye menneske vekkjer diverre opp undertrykte kjensler, sjalusi, uoppfylte draumar, ambisjonar, og frustrasjonar – og dei viklar seg inn i nye problem og konfliktar som ikkje går mot nokon lykkeleg slutt.
På hogget
Horvaths opphavlege stykke har ein eigentleg tilforlateleg og direkte forteljestil, mest som ei skillingsvise. På Det Norske Teatret, der stykket no vert spelt for første gong i Oslo, har ein valt ei spektakulær, showaktig tilnærming, med eim av dekadent musikal. Det er ein morosam sirkusscenografi og ein myldrande atmosfære av folkeliv.
Skodespelarane er velopplagde og heile tida på hogget. Men typane dei framstiller, verkar heile tida som outrerte karikaturar, og det vert så å seie umogleg å engasjere seg, enn seie konsentrere seg, i høve til det som går føre seg med dei. Svært forvirrande og uforståeleg verkar det òg at openbert tyske menneske – alle har dei tyske karakternamna frå originalstykket – går på den erketyske oktoberfesten og byrjar snakke om dagsaktuelle samtidssaker i Noreg. Kvar er vi? I Tyskland eller Noreg, i 30-åra eller her, no? Det er ikkje fritt for at endå eit forsøk på å aktualisera ein klassikar endar i eit kunstnarleg flykrasj.
Magisk trykk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.