Musikk

Ting tek tid

Courtney Barnett er tilbake i solid form.

Courtney Barnett er klar for verda med album nummer tre.
Courtney Barnett er klar for verda med album nummer tre.
Publisert

Det er morgon. Ein stol vert dregen bort til vindauget slik at ein kan studere gatelivet, der søppelbilen skranglar forbi og ein forelder lærer eit barn å sykle: Slik er den enkle kvardagsskildringa som dreg i gang Courtney Barnetts nye album, det tredje, Things Take Time, Take Time. Derfrå leier opningssporet «Rae Street» oss over i ein refleksjon rundt evna enkeltmennesket har til handling og endring. Velmeinte ord spelar inga rolle frå eller til, syng Barnett, «unless we see some change», og følgjer opp i neste verseline: «I might change my sheets today

Eg lo med meg sjølv då eg først lytta til plata for eit par veker sidan, idet klimatoppmøtet i Glasgow kulminerte, eller fisla ut. Barnett er ein framifrå observatør og skarp forteljar, med sans for dei rette detaljane, kjenneteikn som er til stades frå første sekund på haustens plate.

«Rae Street» er ikkje den einaste songen på det nye albumet som sirklar inn avmakta vi ofte kan kjenne på som enkeltmenneske i ei verd med for store utfordringar. «Sit beside me, watch the world burn», heiter det i «Write A List Of Things To Look Forward To», og litt seinare: «We did our best, but what does that really mean

Tilbakelent

Seks år har gått sidan eg melde første album frå Barnett på desse sidene, den passande underfundig titulerte debuten Sometimes I Sit and Think, and Sometimes I Just Sit (2015). Men det var ikkje første gongen eg skreiv om Barnett, for eg var ikkje åleine om å merke meg låtane hennar då ho gav ut eit par fine EP-plater alt i 2013. Særleg fekk ho ein del merksemd for singelen «Avant Gardener», som skildra ei kvinne som ein sein kvardagsmorgon kjenner på sin eigne utslettande mangel på tiltakslyst og finn det for godt å prøve seg på hagebruk, noko som endar med panikkanfall og ein tur med ambulanse, alt saman meisterleg skildra av Barnett.

At det er same låtskrivar som står bak «Rae Street», er ikkje vanskeleg å høyre. Things Take Time, Take Time liknar meir på førstealbumet til Barnett enn den konfronterande, meir tydeleg sosialpolitiske andreplata Tell Me How You Really Feel (2018), ikkje minst i det musikalske uttrykket. Pønkete sinne er det lite av, låtane driv av garde på sitt eige, tilbakelente vis og utfaldar seg gradvis, litt slik samarbeidet med Kurt Vile i 2017, Lotta Sea Lice, gjorde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement