Tilfeldigvis eiter og galle

Eg innrømmer det: Denne filmmeldinga er sterkt farga av frustrasjonar over kjønnsfordelinga i film.

Stevie (Sunny Suljic) (nr. 2 f.h.) slit med å tilpassa seg tenåringslivet.
Stevie (Sunny Suljic) (nr. 2 f.h.) slit med å tilpassa seg tenåringslivet.

Drama

Regi: Jonah Hill

Mid90s

Med: Sunny Suljic, Na-kel Smith, Olan Prenatt, Lucas Hedges

Trettenårige Stevie (Suljic) slit med å tilpassa seg heime med hardtarbeidande einsleg mor (Waterston) og hardtslåande storebror (Hedges). Han rømmer frå kvardagen ved å henga rundt dei store gutane på skateboard.

Pust inn

Tenk, så kom nok eit oppvekstdrama om gutar som alltid vil vera gutar. Eg veit ikkje heilt kvifor akkurat Mid90s triggar irritasjonssenteret mitt så til dei grader, gudane skal vita det finst mindre sympatiske variantar av amerikanske indie-coming of age-filmar enn denne. Det er vel og bra å ta opp det problematiske sjelslivet til unge, men eg kjenner meg så kraftig lei av å sjå menn, gutungar, mannfolk så overrepresenterte på lerret og skjerm.

Synd for regissør Jonah Hill at det var debutfilmen hans som blei vippepunktet for meg. Det kunne like godt vore Ut og stjæle hester eller Bohemian Rhapsody eller Amundsen eller Green Book eller The Sisters Brothers eller så utruleg mange andre mannsdominerte filmar eg i farten kjem på, og som går eller akkurat har gått på kino. I tillegg trur eg ein av grunnane kan ligga i at filmen har noko sjølvdiggande over seg, så i overkant fortreffeleg i val av tidsepoke, musikk og tema, uangripeleg moteriktig slik at det verkar kalkulert.

Pust ut

Trass i at Stevie er ein ganske ufordrageleg, feig gutunge, er han så søt og nusseleg at me heiar på han likevel. Akkurat det kan jo vera med vilje frå regissøren si side, for å få fram kor mykje lettare ein har det om ein ikkje er overvektig, kvisete og usjarmerande. På lik linje kan det godt vera han har valt å utelata meiningsberande jenter i filmen, anna enn som rekvisittar for å visa at unge gutar gjerne vil pula. Utanom det er jentene fråverande, som i så vanvitig mange andre filmar.

Sukk, eg hadde jo tenkt å bruka nokre teikn på å skryta av kor fint Mid90s får fram dei fine nyansane av venskap og det som skjer i brytningstida når ein er tenåring og den gamle bestevenen veks frå deg. Men så overskuggar altså dette ubehaget som tydelegvis kjem av at eg skulle ønskt verda ikkje var så kjønna! Prøv (eller eigentleg: ikkje prøv) å legga merke til skeivfordelinga, så kan det vera du får deg ei kjedeleg aha-oppleving, du òg.