Film

Tilbake til Tromsø

TROMSØ: Etter spenning om reglar fekk Tromsø internasjonale filmfestival vise flotte filmar til folk fysisk.

Renato Borrayo Serrano har laga dokumentarfilmen om livet til nomaden Ivanna i Sibir.
Renato Borrayo Serrano har laga dokumentarfilmen om livet til nomaden Ivanna i Sibir.
Publisert

Den digitale verda er ei fattig trøyst for oss som elskar kino. Etter sofafestivalen i fjor opna tradisjonsrike TIFF dørene igjen i år. Det var mykje kjekt å sjå.

Konkurranseprogrammet har filmar festivalen vil løfte fram. Det sentrale programmet er estetisk, tematisk og geografisk breitt. Det gler meg. Fransk-belgiske Zero Fucks Given av Julie Lecoustre og Emmanuel Marre er frisk og flott. Adèle Exarchopoulos gjer ei strålande rolle som apatisk flyvert i eit lågprisselskap. Stjerna frå Blå er den varmeste fargen ser ut til å bry seg akkurat så mykje som tittelen ber bod om. Arbeidsforholda er elendige og reglane idiotiske, men fagrørsle er eit framandord for antihelten Cassandra. Fokus er på fyll, sex og neste lønnsslipp. Denne stilsikre og aktuelle filmen aukar ikkje suget etter å fly på ferie.

Den tyske dokumentarfilmen Mr. Bachmann and His Class av Maria Speth er for dei som vil gå i djupna. I tre timar og trettisju minutt blir vi kjende med ein ungdomsskulelærar som veit at tanken er fri. Møta med elevane har mange rørande augneblinkar og spennande utvikling. Stilen slektar på TIFF-favoritten Frederick Wiseman, men med meir prat.

Anita Rocha da Silveira frå Brasil har laga den dystopiske sciencefictionfilmen Medusa. President Bolsonaro har inspirert til ein drøss med dystopiar frå Brasil. Medusa er stilig og poengtert, sjølv om han ikkje er like snedig som Guddommelig kjærlighet eller rebelsk som Bacurau i same sjanger.

Nordaust

Ein annan brasilianar har reist til Russland. Renato Borrayo Serrano står bak dokumentarfilmen Life of Ivanna. Ivanna er nenetsar og nomade. Ho lever eit hardt liv i Sibir med ungane sine. Tallause krabatar spring rundt med kniv og passar på kvarandre med tvilsame HMS-val i den mobile heimen. Gazprom tek over, og nomadisk urfolksliv svinn hen. Filmen blandar sterke kjensler og humor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement