Musikk

Tilbake til Orlam

For verkeleg å få eit rikt utbyte av den nye plata til PJ Harvey, bør du skaffe deg boka ho gav ut i fjor.

PJ Harvey frå ein konsert i Mexico by i 2017.
PJ Harvey frå ein konsert i Mexico by i 2017.
Publisert

Sidan det vert nokre stiar og skogsvegar på meg denne sommaren, er nok sjansane gode for at det nye albumet til PJ Harvey kjem i tankane meir enn éin gong. Det går nemleg ei naturpoetisk åre gjennom songsyklusen, med ein biletbruk som her og der kan få deg til å sjå noko du har sett så mange gonger før, med eit nytt blikk.

Kanskje kan ein seie at det er som om naturen kjem til live gjennom ei form for åndeleggjering. I Harveys verseliner får vi auge på kvisten som utan lauvet gir frå seg eit sukk: «Lorn of leaf/ twiddicks sigh», heiter det i «August», det tiande sporet på I Inside the Old Year Dying.

Songteksten er identisk med eit dikt, meir spesifikt det sjuande i «August», den åttande delen av Orlam, boka Harvey gav ut i fjor. Og slik er det med alle tekstane på denne nye plata – dei har alt eit liv mellom to permar. Artisten sjølv kalla albumet eit lydspor til boka i eit nyleg intervju.

Dorset-dialekt

Då utgivinga vart annonsert, var det mange som spekulerte på kva det går i med omslaget, som er pryda av eit fotografi av ein kvist som ligg og kastar skugge på det som liknar The Beatles-albumet The White Album, men med namnet til Harvey prega inn i sjølve teksturen – ei innpakking som altså gir meining om ein er utstyrt med Orlam i møte med dette materialet.

Om du stussar på ordet «twiddicks», er du nok ikkje åleine, for heiter det ikkje «twigs»? Ikkje på Dorset-dialekt, som alle tekstane her er skrivne på, og no altså framførte på. Harvey byggjer på og dreg inspirasjon frå sin eigen oppvekst i landlege omgivnader i Sørvest-England, i West Country, og både Orlam og no I Inside the Old Year Dying er djupt forankra i landskapet og folkloren som tilhøyrer regionen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement