Til ungdommen i vår tid

Publisert

Linn Skåber tar sats frå stor høgd når ho låner tittel frå Nordahl Grieg til denne boka. Til ungdommen er basert på intervju med unge menneske. Skåber låner også fritt frå dei ho har snakka med og set saman 31 ulike framstillingar av korleis det er å vere ung.

Tekstane har ei munnleg form og vert kalla monologar. Skåber, som sjølv er skodespelar, skriv i forordet at alle tekstane kan brukast scenisk. Dette kjem i vegen for den skjønnlitterære kvaliteten. Reint språkleg ser formuleringane ofte ut til å vere lite gjennomarbeidde, slik den munnlege talen gjerne er.

Om ein skulle analysere boka, måtte mange sjangrar nemnast: aforisme, dikt, tale, bøn, vitnemål, novelle. Ofte er den påfølgjande analysen eit ris bak spegelen når unge lesarar får ei bok i handa.

Til ungdommen bør lesast fritt og utan pålegg av noko slag. Ein kan lese kor som helst i boka, ein treng slett ikkje lese henne ut, ein kan bla fram og tilbake, bruke kort eller lang tid.

Variasjonen i sjangrar er ein styrke fordi boka kan nå mange ulike lesarar, også dei urøynde.

Bodskapen finst ofte i perspektivet, eller i endringa av perspektiv. Med overraskande vendingar viser både tekst og illustrasjonar at den som styrer tanken, styrer tilværet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement