Kunst
Til det motsette er bevist
Esther Maria Bjørneboe, frå Bandidos-saka, teikna for Dagbladet i 2002.
Sjå for deg at du vitnar i ei rettssak. Du er på veg mot vitneboksen, klam i hendene. Alle følgjer deg med blikket, eitt augepar meir intenst enn dei hine, det som høyrer til henne som sit klar med blyanten. Auga glir over heile skapnaden din, nesten så dei smyg seg innunder huda di medan du forklarer deg for retten. Raske rørsler over papiret.
Det varte ikkje mange minutta. Likevel ser du deg sjølv i nettavisa om kvelden, ei rettsteikning som har fanga opp måten du klamra deg fast i bordplata på, lente deg framover, ukomfortabel, samstundes djupt konsentrert. Du er letta over at håret løyner det meste av andletet.
Rettsteiknarar plar dempe særtrekka til dei som ikkje skal ha namnet sitt i avisa, vitne har eit særleg vern. Andre aktørar vert streka opp med stor portrettlikskap.
I ei tid då peikefingeren sit laust hos dei fleste, det meste vert knipsa og delt, er rettsteikning eit fascinerande fenomen. Tenk at det framleis finst ein arena der det ikkje er lov å ta bilde – berre teikne. For det skal vere høgtid over ei rettssak, det er spørsmål om skuld og straff, i eit større perspektiv vert sjølve rettsstaten falda ut her.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.