Musikk
Til å halde pusten av
Juni Habel krev merksemd heilt ned i dei minste nyansane. Og gir rikeleg attende.
Juni Habel er frå Rakkestad. Pressebiletet er frå Rondane.
Foto: Malin Longva
Psykedelisk folk er akustisk og viseinspirert musikk utvida med utradisjonelle lydar. Ei drøymande stemning, gjerne støtta av surrealistiske og/eller innovervende tekstar. Det er musikk med ei ro som ikkje kan kome frå kvar som helst, og i alle høve ikkje frå ein storby.
Det er kanskje difor Juni Habel bur i Rakkestad. Frå jordbrukskommunen i Østfold har ho alt spelt inn og gitt ut to gode album. Det førre fekk merksemd i mellom anna musikkmagasinet Uncut og verdas eldste sundagsavis, The Observer. Sistnemnde meinte det var «gripande og tidlaust, frå ein låtskrivar på sitt beste».
Dette var altså før rakstingen kom med dette tredje albumet. Her er ho endå meir på sitt beste.
Habel har sjølv nemnt inspirasjonar som kultsongaren Vashti Bunyan og dei som har vore inspirert av henne, som Joanna Newsom. Tredjealbumet har likevel noko over seg som får tankane til å gli mot Nick Drake. Kanskje mest albumet Pink Moon, meir presist B-sida, der songane «Know» og «Free ride» er. Det er noko med den kjenslevare, finstemte balansen mellom røyst og gitar, der ord og frasar gjerne vert gjentekne fleire gonger.
Noko tidlaust
Habel har eit leikande fingerspel. Fingertuppane gjer inntrykk av å danse over strengene, gjennom songar som verkar enkle, men som fort viser seg å romme meir. Dei ber i seg noko tidlaust. Lite ved songane og musikken hennar seier at me er på veg mot det fjerde tiåret etter tusenårsskiftet. Dei kunne like gjerne vore frå femti år fram i tid som femti år tilbake.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.