Teater

Tidvis magisk, men ujamn satirehistorikk

Tilbakeblikket på farleg kunst er visuelt sprekt, men teksten taper terreng.

Stykket byd på både skode- og dokkespelarar.
Stykket byd på både skode- og dokkespelarar.
Publisert

Det er sjølvsagt eit brennaktuelt konsept Teater Innlandet går inn for når dei presenterer ei framsyning med historisk tilbakeblikk på karikaturen og satiren som politisk våpen. Det satiriske tidsskriftet Simplicissimus i Berlin hadde alt tidleg i førre hundreåret ein markant profil i europeisk kulturliv. Mange av dei mest toneangivande forfattarane og kunstnarane bidrog der, og det var òg nordmenn med. Med tanke på kva som har hendt no i seinare år, er det jo mest som ein frys på ryggen over kor aktuelt det er. For ­– kor mykje lenger er vi komne?

Skode- og dokkespel

Allkunstnaren Tormod Lindgren, som òg har sitt eige figurteaterføretak, Theater Corpus, har lagt opp til ein avansert kombinasjon av figurteater og «mennesketeater». Figurane er paradoksalt nok sjelfulle, og teknisk imponerer alle dei medverkande med å kombinere skodespel og dokkespel.

Sjølve stykket er lagt opp nærast i Brecht-tradisjonen, med nøkternt ironiske spelesekvensar avbrotne av frontale songinnslag. Tekstane, som vi må rekne med stort sett er Knut Nærums, er gode og skarpe. Men diverre kjem dei sjeldan fullt ut til sin rett. Den reportasjeaktige dramaturgien krev i denne samanhangen litt for mykje av både aktørar og publikum, og det spektakulære vi ser på, tek i lange stunder luven frå innhaldet.

Pinocchio-effekt

I nokre av dei mest konkrete innslaga, der det handlar om lagnadene til gründeren Thomas Theodor Heine og den norske teiknaren Olaf Gulbransson, ser vi nerven i opplegget. Det vert ein nøkkelreplikk mot slutten, når fru Dagny Bjørnson Gulbransson (Ragni Halle) spør mannen sin, som trur han kan vere politisk nøytral som kunstnar: Har du teikna i blinde? Ser du ikkje dine eigne teikningar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement