Musikk

Tidlaus eleganse

Kvintetten til Vigleik Storaas er ein kvintett med stor k.

Vigleik Storaas har komponert all musikken på albumet.
Publisert Sist oppdatert

Heldigvis har utgjevinga av desse tre år gamle opptaka frå Rainbow Studio late seg realisera. Dei ni låtane, alle førte i pennen av Vigleik Storaas, er interessante i seg sjølv, men er først og fremst utgangspunkt for ei unik musisering og eit blendande samspel.

Storaas og bandet set si ære i å gjera det enkelt, men utsøkt elegant. Det er sjølvsagt nokre låtar som står fram med eit klart klassikarpotensial, til dømes «Tarkovskij», ei hylling til den russiske filmskaparen Andrej Tarkovskij, men her er det opuset som imponerer mest.

Det er ei grunnstemning i musikken prega av noko ettertenksamt, til tider meditativt. Ved enkelte høve gjev musikken assosiasjonar til Kenny Wheeler, men i første rekkje er musikken prega av dei mange sterke solistiske manifestasjonane. Tempo går aldri ut over medium, arrangementa er aldri intrikate og overleste. Tvert om er dei prega av enkel funksjonalitet der Tore Brunborg, Tore Johansen og Vigleik Storaas skiftar om å føra an. Mats Eilertsen og Per Oddvar Johansen utgjer det perfekte kompet i denne samanhengen.

Plata er proppfull av døme på kor godt bass og trommer fungerer saman. Eilertsen marker seg også som solist på strålande vis i opningskuttet «Homeless», og trommeslagaren på si side vartar opp med ein hypnotisk intro på «Mists».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement