Bok

Tida er punktert

Andrzej Tichys fjerde roman er ein forvitneleg montasje av skilsetjande hendingar.

Andrzej Tichy vart fødd i Tsjekkoslovakia, men bur no i Sverige
Andrzej Tichy vart fødd i Tsjekkoslovakia, men bur no i Sverige
Publisert

Då dei gamle grekarane ikkje var så eldgamle, forstod somme av dei at tid ikkje alltid er eit eins omgrep, ein har tida som går og går, som dei kalla khronos, men ein har også augneblinkar, den rette tida eller den urette, den avgjerande tida, og som nokre av grekarane då gav namnet kairos.

I romanen Kairos av den svenske forfattaren Andrzej Tichy, som er fødd i gode, gamle Tsjekkoslovakia og har både polske og tsjekkiske anar, skjer lite kronologisk. Romanen er ein montasje i fasettblikkstil av viktige augneblinkar i verda det siste hundreåret, sette av ulike individ, får me tru, for det er ikkje alltid lett å forstå posisjonen og identiteten til den som står i sentrum for og av observasjonane. Stundom er det eit kollektiv som ser terrorhandlingar, krigstilstander, demonstrasjonar, vald, brann og så vidare, andre gonger får lesaren tydelegvis dela opplevingane til ei kvinne som skriv førenamnet sitt, Johanna, på ymse vis, og som ser ut til å heita Dark til etternamn, og det minner då om fiksjonskarakteren Joanna Dark, kjend frå somme dataspel, men hjå Tichy er ho ikkje ei heltinne i hollywoodtradisjonen. I boka er eg-personen også forfattaren Peter Weiss, som går i terapi i Alingsås om lag på den tida då Karin Boye tek livet av seg der. Mest av alt er likevel romanen fri frå kravet om handlande subjekt, han er utan plott eller intrige, men likevel svært fascinerande og inspirerande lesnad. Der forteljinga absolutt høyrer til i khronos, den strøymande tida som kan gje lesaren ei slags von om løysing, syner Tichy at det som skjer, ikkje på nokon rettvis måte kan samlast i eit såkalla narrativ.

Kollasj

Fråværet av ein eigentleg hovudperson, og opp- og nedturar for denne, gjer at lesaren ikkje vert engasjert i ei handling. Kairos er såleis ikkje skriven for å appellera til kjenslelivet, men heller som ein protokoll over det faktiske, presentert som ein kollasj i ulike sjangrar, her er teatersekvensar, dikt og essay, og drøftingar av sentrale spørsmål på ein slik måte at lesaren vert inspirert til å finna nye argument. Korleis skal ein til dømes få til fred mellom dei som har mykje og dei som har lite? Løysinga burde liggja hjå dei ressurssterke, men frå den kanten ser ein ikkje anna enn tvihalding på makta, og stadig med nye våpen. Det mest populære nett no er å skyta fredelege demonstrantar og legitimera handlinga med at dei ikkje var fredelege likevel, som me veit, og såleis alliera seg med han som grunngav ein verdskrig med orda: «Seit 5:45 Uhr wird jetzt zurückgeschossen

Punktert tid

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement