Bok

Thorbjørn Egner for vaksne

Erlend Loe veit at tomme tønner ramlar mest.

Det groteske og det komiske går hand i hand i den nye romanen til Erlend Loe.
Det groteske og det komiske går hand i hand i den nye romanen til Erlend Loe.Det groteske og det komiske går hand i hand i den nye romanen til Erlend Loe.
Publisert

Roman

Big 5 heiter det når ein storviltjeger har felt ei løve, ein bøffel, ein elefant, eit nashorn og ein leopard. Det er turisme for pengepøbelen, og dette aspektet er utgangspunktet for Erlend Loes nye roman Dyrene i Afrika, der fem enkeltpersonar får det for seg at dei kan frelse verda ved å pule storvilt gjennom det sjølvoppnemnde «Selskapet for skjending av eksotiske dyr». Alt skal filmast, alt skal leggjast ut på nett, alt skal vere innanfor etiske standardar for dyrevelferd.

Glitrande parodiar

Det heile startar når dei fem møtest på ei forelesing om dyreetikk. Dei har lenge kjent ei dragning mot store dyr, og no får sodomien både ei teoretisk og etisk plattform samtidig som familiebedrifta Fauna Fuckers i Kenya opnar for ei praktisk gjennomføring. Dermed er det klart for ein ellevill og absurd safari der Erlend Loe på suverent vis raljerer over idealisme på avvegar, sjølvbedrag, barnleg entusiasme og misforstått fellesskap, og han krydrar framstillinga med glitrande parodiar på terapi- og organisasjonsspråk der dialogane lyser av tomt prat.

Dei fem avvikarane på tur verkar i utgangspunktet å vere godt etablerte og anstendige menneske med god jobb, men også før den store forvandlinga blir dei kledde opp i komikkens gevant, det vere seg tannlegen Vidkun, zoolog og ressurshomo Joachim Sperber, filmklipparen Såkalte Bob, seriebokforfattaren Hektor Gråbræk eller Lise Løvenskiold som jobbar i politiet og samtidig er leiar av Ensliges forening. Her slår Loe om seg med utsøkt humor og elegant ironi, situasjonskomikk og eit skrått blikk på ulike tidsfenomen som #metoo, homofili, født i feil kropp, kunstnarleg amatørskap, ukvalifisert leiarskap og mangt anna som ein smiler av eller som opnar opp for den store latteren. Det groteske og det komiske går gjerne hand i hand, slik det blir når Joakim Sperber luftar sambuarens likhund, eller når Lise Løvenskiold stadig vekk pular i leoparddrakt.

Subtil humor

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement