Bok
Teksten opnar seg på nye måtar
Anne Carson har gjendikta myten om Geryon og Herakles på originalt og rikt vis.
Anne Carson vart fødd i Toronto i Canada i 1950 og er av dei fremste samtidspoetane i Nord-Amerika.Anne Carson vart fødd i Toronto i Canada i 1950 og er av dei fremste samtidspoetane i Nord-Amerika.
Foto: Einar Falur IngólfssonFoto: Einar Falur Ingólfsson
Versroman
Den kanadiske poeten og professoren i klassiske studium Anne Carsons Rød selvbiografi frå 1998 er i høgste grad eit variert, samansett og rikt litterært verk. Teksten opnar seg på nye måtar heile tida. Særleg i brotkantane mellom dei ulike teksttypane har lesaren høve til å gjere bråe, uvande koplingar. Samstundes må det seiast at dette ikkje er tekstar det er vanskeleg å trengje inn i.
Boka er sjangermerkt som «versroman», og i denne tekstlege hybriden vert lesaren, mellom mykje anna, først presentert for noko som liknar ei akademisk utlegning (innhaldslista er som henta frå ei avhandling), så ei gjendikting av fragment etter poeten Stesikhoros, fødd 650 fvt., og etter nokre andre kapittel kjem ei modernisert og anakronistisk omskaping av myten om Herakles og Geryon – no plassert i samtida vår. Denne forteljinga utgjer hovuddelen av boka og er skriven på ein eigenarta, drivande poetisk prosa.
Tre hovud
Ifølgje myten var Geryon eit monster med tre hovud som budde på den raude øya Erytheia og hadde ein buskap av raudt kveg. Eit av Herakles’ storverk var at han stal kveget til Geryon. Det uvanlege med fragmenta til Stesikhoros er at perspektivet ligg hos monsteret Geryon, ikkje hos helten Herakles, noko Anne Carson vidarefører i si forteljing.
I den moderne utgåva møter vi Geryon som barn, han vert misbrukt av broren, har eit godt forhold til den sigarettrøykjande mora og utviklar i tenåra eit homofilt forhold til Herakles. Der den antikke Herakles stel det raude kveget, stel og øydelegg Carsons Herakles hjartet til Geryon. Den moderne soga endar i Lima i Peru med eit trekantforhold. Kanskje kan ein sjå trekantforholdet som ein konstellasjon av dei tre monsterhovuda til den klassiske Geryon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.