Teater

Zoom og team og teater

Vittig skråblikk på det digitale samværet.

Sommarfesten i burettslaget går føre seg på skjerm.
Sommarfesten i burettslaget går føre seg på skjerm.
Publisert

Det kreative Norske Mikroteateret, som produserer framsyningar i «autentiske» omgivnader, har, frå å spele på hotellrom, på jernbanestasjonar, på kafear og i husvære, denne gongen valt å gå digitalt. Det er det mange andre teaterprodusentar som gjer, men Mikroteateret «tek det heilt ut» ved å faktisk la sjølve scenerommet vere skjermen med møtedeltakarane i kvart sitt vindauge. Det er eit fascinerande konsept, men ein vert òg litt flau av å sjå på det. Det jo nettopp slik ein kommuniserer sjølv for tida, og ein kjenner seg mest personleg parodiert.

Opplegget her er i utgangspunktet ein sommarfest for burettslaget som ein, på grunn av situasjonen for tida, må gjere på skjermmøte. Her dukkar det opp sju unge menneske som tilsynelatande kjenner kvarandre godt som naboar, to av dei er gifte med kvarandre, men ho er på hytta med ungane. Dei andre lèt til å vere lukkeleg single. Lang tid tek det ikkje før vi merkar knirkingane i relasjonane, og som i det klassiske gode skodespelet får personane vite ting om kvarandre som dei ikkje visste frå før – kan hende òg ting dei helst ikkje ville vite. Personskildringane er sjølvsagt spissa og stundvis på grensa til karikatur, men det i seg sjølv er òg med på å gi teaterhendinga ein satirisk snert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement