Vesaas-roman som lysshow
Den mystiske Vesaas-romanen er spektakulær på teaterscena, men likevel gåtefull.
Guten (Aleksander Ottestad-Kaalstad) og Jon (Helene Naustdal Bergsholm) i dramatiseringa av romanen til Tarjei Vesaas frå 1961.
Foto: Øyvind Eide
Nationaltheatret
Tarjei Vesaas:
Brannen
Dramatisert av De Utvalgte
Regi: Kari Holtan
Scenografi/ kostyme: Boya Bøckmann
Scenografi: Kittil Kittilsen
Romanen Brannen av Tarjei Vesaas kom i 1961 og har vel alltid vore oppfatta som Vesaas’ naudrop i ei tid då både atomkrig og miljøøydelegging for alvor brende seg inn i nyhendebiletet. I jubileumsåret til Vesaas, som vart fødd for 125 år sidan, har Nationaltheatret, i samarbeid med frigruppa De Utvalgte, valt nett denne boka som utgangspunkt for ei aproposframsyning.
Det er alltid ei utfordring å skulle lage ei visualisert tolking av eit kunstverk som er reint tekstleg. Ein kan vel godt seie at Nationaltheatret og De Utvalgte har teke tyren ved horna. Denne framsyninga er meir ein vernissasje i rørsle enn eit skodespel.
Løyndomsfullt
Når ein les romanen Brannen, kan ein mest oppleve boka som ein nattsvart skrekkfilmvariant av Alice i eventyrland. Det handlar om eit ungt menneske som dreg heimanfrå og ut i skogen – og støyter på merkelege, irrasjonelle folk og hendingar. Vesaas’ Alice heiter Jan.
Det er eit trugande og løyndomsfullt mørke over alt som blir sagt, og alt som hender. Skal ein våge seg på ei generell tolking av bodskap, kjennest det som Vesaas set lyskjegla på desperasjonen i spennet mellom engasjement og likesæle. Det er ei spenning som nok alltid vil finnast i krisesituasjonar.
Framsyninga på Nationaltheatret er imponerande teknisk og visuelt. Både i avanserte, originale scenografiløysingar og frapperande videodesign skaper denne teaterhendinga eit rom som korresponderer med det gåtefulle i romanen. Frigruppa De Utvalgte har då òg eit ry som ei særs kreativ kraft med omsyn til visuelt uttrykksfullt teater.
Korte riss
Men for å skildre det einsame, utforskande unge mennesket i ei kald omverd treng vi òg å sjå den menneskelege dimensjonen. Nett det er ei tøff utfordring når det handlar om så kryptiske personar som Vesaas sine. Hovudpersonen, unge Jan, vert spela av unge Helene Naustdal Bergsholm. Ho er sårbar og direkte i rolla og kontrasterer fint mykje av det spektakulære som hender rundt henne. Men som kvinne i ei mannsrolle vert ho ofte likevel for spe og barnsleg i møta med dei andre personane.
Røynde teaternamn som Per Frisch, Håkon Ramstad, Mariann Hole og Petronella Barker tilfører nærvær, men karakterane deira vert aldri meir enn korte riss. Ein fjernstyrt robothund som kjem og går, eit fengslande akrobatisk dansenummer av Veronica Molin Bruce, jau, her er mykje som ein vil ta med seg på vegen og hugse.
Skulle vi ønskje at vi skjøna litt meir av det heile? Kan hende det. Men kan hende tykte heller ikkje Tarjei Vesaas at vi trong skjøne alt – med hovudet.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.