Velhalden klassikar, velhaldne aktørar
Veteranane Osa og Tindberg illuderer frapperande som unge elskande.
Liv Bernhoft Osa og Svein Tindberg gjer Romeo og Julie om att, 37 og eit halvt år etter førre gongen.
Foto: Det Norske Teateret
Teater
Det Norske Teatret, Scene 2:
William Shakespeare:
Romeo og Julie
Omsett av Edvard Hoem
Regi: Erik Ulfsby
Scenografi: Milja Salovaara
Komponist: Silje Halstensen
Romeo og Julie er tydeleg eit av yndlingsstykka i det norske teaterrepertoaret. Framsyninga som no har hatt premiere på Det Norske Teatret, er den fjerde versjonen denne meldaren vurderer, på ganske få år. Denne gongen er hendinga annonsert som avskilsframsyning for Svein Tindberg, som like før alderspensjonen skal gjere Romeo om att, 37 og eit halvt år etter førre gongen, med same Julie som den gongen, Liv Bernhoft Osa.
Det fyrste ein kan tenke er: Var det ikkje i gamle dagar ein gjorde slikt? For eit par generasjonar sidan godtok publikum Noraer og Heddaer som var nærare 60 . (Stikkord Lillebil Ibsen og Gerd Grieg.) No skal vi sjå ein Romeo på 70. Men så sanneleg, når stykket tek til, godtek vi det no òg. Kan hende skal det røynsle til å blottlegge unge kjensler overtydande.
Kyrkjelydshus
Scenerommet er denne gongen forma som eit slags kyrkjelydshus med gamaldagse benkeradar. Når skodespelarane kjem inn i byrjinga, og Romeo og Julie sit på kvar si side av midtgangen med «bønebøker» i fanget og gløttar på kvarandre, synest vi mest det ser ut som det er Synnøve Solbakken vi skal sjå i staden. Men rommet syner seg å fungere forbløffande godt, både som sakral og som verdsleg arena for hendingane. Silje Halstensens komposisjonar og framføringar gjev òg ein varm puls til den kraftfulle kjærleikshistoria, likeins dei vokale mellomstikka til Lasse Kolsrud (Mercutio).
Så lenge framsyninga er konsentrert om tittelpersonane, er dette vakkert teater. Ein del regival verkar elles likevel uforståelege og forstyrrande. Som kontrast til dei godt vaksne elskande har ein valt å la foreldregenerasjonen verte spel av ungdommelege aktørar i eruptiv spelestil. I originalteksta har både Romeo og Julie to foreldre. Her har Romeo berre ein far, som knapt kjem til orde, og Julie berre ei mor. Ho har til gjengjeld fått overta mange av dei patriarkalske replikkane til faren, herr Capulets.
Ei ungjente som påberopar seg faderleg autoritet, kan snautt bli truverdig, og det er ikkje Gina Bernhoft Gørvell si skuld. Truverdig vert heller ikkje Kirsti Stubø som amma, av di ho mest heile tida parodierer ironisk det teksten seier i fullt alvor. Den einaste unge som fungerer som vaksen, er Kenneth Homstad som munken Lorenzo. Her er det ikkje noko tull!
Kjærleikspar
I det store og heile kjem nok den vaksne delen av ensemblet best frå det. Svein Tindberg og Liv Bernhoft Osa framstiller eit lysande kjærleikspar som aldri eit sekund er i feil alder, og herrane rundt, Lasse Kolsrud, Per Schaanning og Geir Kvarme følgjer og opp med ekte varme. Sjølv Edvard Hoem, omsetjaren, som overraskande scenedebuterer som fyrsten av Verona, har ei verdig tyngd i det sceniske nærværet. Men mellomtekstane hans om den litterære opphavsmannen kunne vi ha unnvore. Dette kjem trass i alt ikkje inn under den kulturelle skulesekken.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.