Teater

Utan skarp brodd

Min venn fascisten er meir underhaldande enn bitande.

Publisert

Det er ikkje lett å vite korleis ein skal vurdere denne musikalen. At han er satirisk, er openbert; spørsmålet blir snarare kor mange lag satiren har.

Nokre venepar er samla til sommarfest med god mat og mykje drykk. Etter raskt å ha gjort unna det obligatoriske, medrekna kor flautt det er å vere middelklasse i eitt og alt, kjem dei inn på politikk. Her står frontane mot kvarandre, men merkeleg politisk korrekte på begge sider.

Temperaturen stig, men festen blir brått avbroten av eit skot. Inn kjem Fridolf (Lars Lillo-Stenberg) i bestefarens naziuniform og med nazieffektar, venleg og heilt uvitande om kva nazismen stod – og står – for. Ei oppgåve skodespelardebutanten taklar perfekt. Så følgjer eit politisk spel med og – til slutt – mot denne naive idealisten.

Musikken er ein serie feelgoodlåtar av det heilt konvensjonelle slaget, der ikkje alle songane verkar like relevante, tolka av folk med gode røyster, men stundom med litt for sterkt trykk. Bak seg har dei eit solid tremannsorkester.

Stykket teiknar eit nokså presist bilete av den overflatiske tida vår, med mykje halvkunnskap og lett oppgulpberre argument. Stundom får eg ei kjensle av at nokre av dei politiske utsegnene er så korrekte og sløve at dei kunne vore henta ut av ein NOU-rapport. Men det er kanskje ein del av satiren?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement