Teater

Tsjekhov utan miljø

Ein spartansk striskjorteversjon av Måken endar heller overflatisk.

Laila Goody (t.v.) spelar skodespelaren Irina. Hanne Skille Reitan har ei uforferda strålekraft som Nina og løfter scenene ho er med i, skriv Bent Kvalvik.
Laila Goody (t.v.) spelar skodespelaren Irina. Hanne Skille Reitan har ei uforferda strålekraft som Nina og løfter scenene ho er med i, skriv Bent Kvalvik.
Publisert

Det er mest ein mystisk magi over skodespela til Anton Tsjekhov, så framandslege dei eigentleg er i lynne, og så lite som det eigentleg hender i dei; dei har fascinert generasjon etter generasjon over heile verda og stendig freista teaterfolk til nye tolkingar. I Noreg har dei frå tid til anna vorte for trauste og baktunge. Det kan ein ikkje skulde Hanne Tømtas Tsjekhov-tolkingar for. Ho veit å setje inn energi og temperament. Det ho tydelegvis ikkje likar så godt, er å etablere tid, miljø og personleg status. Stykka skal vel da kunne handle om oss sjølve ­­– og framstillast av menneske som oss. Men korleis går no det?

Vinst og tap

Skodespelet handlar mykje om kva vi vinn og kva vi må tape i jakta på draumane våre, om det er i arbeid, i kjærleik og i kunsten. Personane i Måken vinn ein del, men taper meir. Det er sjølvsagt tematikk og lagnadsskildringar som kan tilpassast ein kvar historisk epoke, også vår eigen. Men stykket er samstundes svært konkret, og på scenen treng det eit konkret fundament for å bli teke på fullt alvor. På Torshovteateret er tilløpet til scenografi redusert til eit minimum, og skodespelarane går tilsynelatande i heilt vanlege norske notidsklede. Kven som her er godseigar, forvaltar, lækjar eller fattig lærar, lyt ein finne ut etter kvart, om ein gjer det. Kven som her snakkar polert bokmål og kven som snakkar brei, til dels uforståeleg dialekt, verkar òg tilfeldig. Er ikkje språkbruk viktig lenger i teateret? Omsetjaren Kjell Helgheim burde dessutan forlange namnet sitt stroke frå lista over medverkande. Dialogane vert stort sett framførte etter gjenforteljingsprinsippet, og mange replikkar taper den opphavlege krafta. Ein nøkkelreplikk som til dømes: «Vår tid er snart omme.» er vorten til «Tida bærre flyg!» Det seier mildt sagt ikkje det same.

Kjølig distanse

Tsjekhov kalla sjølv stykka sine komediar, av di han ved å henge ut doven overklasse og handlingslamma underklasse ville vekkje og åtvare publikum. På Torshovteateret vert den ibuande humoren til Tsjekhov dregen ut mot farse, og det vert ein humor vi distanserer oss frå. Ein får òg ei kjensle av at skodespelarane får spele meir på sin eigen personlegdom enn på karakteren. Det går ikkje minst ut over den mannlege hovudpersonen, den ulukkelege diktaren Konstantin, som John Emil Jørgensrud spelar med kul, beintøff autoritet. Det sårbare, desperate og sjølvdestruktive i karakteren kan vi aldri ta alvorleg. Mor hans, den sjølvopptekne skodespelaren Irina, er òg ein rollefigur med mange lag, men Laila Goody spelar henne mest som ei karikert komedierolle. I berre nokre få augneblinkar gjev ho små gløtt inn mot mennesket alle trass i alt må bli fascinerte av.

Kjølig distanse er det stort sett i rolletolkingane elles òg, og mange utspel med svært føreseielege og velbrukte farseknep. To av skodespelarane merker seg likevel ut: Nils Johnson som den einsame onkelen har ein bittersøt snert i replikken som harmonerer med teksten, og Hanne Skille Reitan som Nina har ein uforferda strålekraft som løfter dei scenene ho er med i.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement