JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Tru mot Dylan i tekst og temperament

Eg likar framsyninga av di ho ikkje gjer Dylan til noko han ikkje er.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Heidi Gjermundsen Broch syng «Ein kopp til med kaffi (ned i neste dal)» (Desire, 1976). I bakgrunnen perkusjonisten Erik Nylander.

Foto: Erik Berg

2748
20201009
2748
20201009

DET NORSKE TEATRET

Dylan på nynorsk

Vikla inn i blått

Attdikting: Tom Roger Aadland
Regi: Eirik Stubø

Institusjonsteatera treng populærmusikken. Skodespelarar med utanåtlæring som del av yrket lærer seg utanåt songar publikum alt kan utanåt. Bowie, Cohen, deLillos, Bjella, Ropstad, Eidsvåg og Tønes vert teaterkonsertar, gjerne sceniske festar.

Heidi G. Broch

Bob Dylan er ingen fest. Vikla inn i blått har ein regi like nøysam som ein av konsertane hans i Spektrum, med eit orkester av handplukka, eminente instrumentalistar, men utan prat mellom songane, utan kronologi, med gamle og mindre gamle songar om kvarandre, utan annan scenografi enn det naudsynlege, utan plot og rammeforteljing, anna enn litt spel på alder, utan publikumsfrieri og høg stemninga. Det kjennest rett.

Til skilnad frå i Spektrum er det på scenen ikkje éin, men åtte vokalistar, i sum med eit like vidt og ujamt vokaluttrykk som Dylan sjølv, frå resitasjon og revy til kabaret og musikal – og stundom konsert: Når Heidi Gjermundsen Broch står berrføtt fremst på scenekanten og syng «Ein kopp til med kaffi (ned i neste dal)» (1976), med «hebraisk» frasering som i originalen og skjelving i kroppen, er det ikkje berre verdt dei to timane pluss pause, men langt meir rocka enn songar så tungt arrangerte at attdiktinga forsvinn.

Mimmi Tamba

Lanois-Dylan, Jesus-Dylan og Sinatra-Dylan er valde bort til fordel for ei greatest hits-tilnærming. Om Dylan hadde døydd av motorsykkelulukka i 1966 eller hardkjøret i 1976, kunne framsyninga stort sett vore som ho er. I eit år då 79-åringen gjev ut eit album rekna mellom hans beste, og for fyrste gong får ein fyrsteplass på singellista til Billboard, er tre av fira songar frå 60-talet, med foto og video dominert av ein hip 25-åring.

Det er nok eit rett val, det òg. Dylan er for sær og svær til djupdykk. Og når Mimmi Tambas «Nett som ei kvinne» (1966) tek oss inn i dei store svartkvitt-fotografia frå Manhattan på bakveggen, tek ho oss samstundes med til utgjevingsåret.

Tom Roger Aadland

Ein føresetnad for framsyninga er Tom Roger Aadland, som alt har attdikta Dylan på albuma Blod på spora (2009) og Blondt i blondt (2016). Resitasjonspartia til ein suveren og personleg fraserande Bjørn Sundquist berrlegg rett nok eit og anna halvgodt, naudsynt kompromiss mellom innhald, takt og rim.

Men som artist veit Aadland å gjera Dylan songleg. «Idiot Wind» vert «Vind utan vit». Som songpoet er han av dei ytst få som ikkje nyttar dialekt eller engelsk, men skriftnorm – meisterleg. Utan han kunne framsyninga ha gått heilt gale eller helst ikkje vorte noko av.

HÅVARD REM

Håvard Rem er journalist i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis