Tam Tsjekhov mellom lyspærer
Ei dvelande, pretensiøs Tsjekhov-tolking vert fort keisam.
Eivin Nilsen Salthe spelar Lopakhin.
Foto: Erika Hebbert
Det Norske Teatret
Anton Tsjekhov:
Kirsebærhagen
Omsett av Kjell Helgheim i samarbeid med Ola E. Bø
Regi: Johannes Holmen Dahl
Scenografi: Nia Damerell
Klassikarane skal spelast, dei same stykka om att og om att, men ikkje likne på det vi har sett før. Kirsebærhagen av Anton Tsjekhov gjekk heller nyleg på Torshovteatret, no på Det Norske Teatret. Den nye oppsetjinga liknar ikkje den førre, men overraska vert vi likevel ikkje. Vi har sett det før: Ein fjernar alt av temperament, av redsle for det sentimentale, og endar i kul likesæle. Og denne gongen? Frontal spelestil, så lite augekontakt med kvarandre som mogleg, og replikkføring i langsam kino, eit par pompøse kunstpausar midt i setninga.
Vinklinga er poserande, spartansk. Scenerommet: ein stor, tom arena, der ein har senka ned eit nettverk av tende lyspærer, som ein nedsenka stjernehimmel. Klezmermusikk vert spelt, til dels på svært høgt lydnivå. Når ein her snakkar om heimen sin, peikar på kjære møblar og ser ut på den vakre hagen, må ein peike i tomme lufta. Mest absurd vert dette når det vert halde ein tale til det gamle skapet i stova – som ikkje er der. Songinnslaget til Andrejevna (Gjertrud Jynge) er vokalt bra, men gjev ingen nøkkel til rolla, og trylletricket med å sage ein mann i to vert berre eit pausenummer.
Johannes Holmen Dahl har gjort klassikarar før. Stilen hans kjenner vi for så vidt att. Sterkt var det han gjorde med Antigone og Den knuste krukka. Der vart det kjensleutblåsing. Ikkje så her. Den einaste av personane som interesserer oss, er Eivin Nilsen Salthe som den nyrike Lopakhin, moglegvis av di denne karakteren er den mest kontrollerte alt frå diktaren si hand.
Bent Kvalvik
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.