Svarte kattar er ålreite dyr
Illustrasjon: Hilde Hodnefjeld
Biletbok
Hilde Hodnefjeld:
Lykke og ulykken
Cappelen Damm
Pappa trur på lukka, men mest på ulukka. Denne må Lykke passe seg for. Ho må stå opp med rett fot, ikkje gå under stigar, halde seg unna svarte kattar og sjå opp for edderkoppar.
Lykke gjer så godt ho kan, men ho lukkast ikkje alltid.
– No treng vi eit stjerneskot, seier pappa då.
Byen er for lys, stjerneskota viser ikkje i blokka der dei bur. Firkløverane har heller ingen stad å vekse. Miljøproblema er eit sidetema i forteljinga.
Stor variasjon i perspektiv, vinklar og kontrastar understrekar både handlinga og kjenslene.
Pappa har det vanskeleg og må reise bort. Lykke trur han skal finne gullet i enden av regnbogen.
Nokre oppslag har mykje tekst, andre mindre. Lita skrift og eit krevjande tema peikar mot at dette er ei bok som bør lesast høgt for eit barn av ein vaksen.
Fleire utfordringar ventar den vaksne høgtlesaren. Ein overtruisk far i ei moderne blokk er eit svakt plot, dessutan er ikkje overtru av denne typen ein del av barnelærdomen lenger.
Boka kan likevel lesast som ein vegvisar ut av det vanskelege. Forstått på denne måten er ho både vakker og vellukka.
Janne Karin Støylen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Biletbok
Hilde Hodnefjeld:
Lykke og ulykken
Cappelen Damm
Pappa trur på lukka, men mest på ulukka. Denne må Lykke passe seg for. Ho må stå opp med rett fot, ikkje gå under stigar, halde seg unna svarte kattar og sjå opp for edderkoppar.
Lykke gjer så godt ho kan, men ho lukkast ikkje alltid.
– No treng vi eit stjerneskot, seier pappa då.
Byen er for lys, stjerneskota viser ikkje i blokka der dei bur. Firkløverane har heller ingen stad å vekse. Miljøproblema er eit sidetema i forteljinga.
Stor variasjon i perspektiv, vinklar og kontrastar understrekar både handlinga og kjenslene.
Pappa har det vanskeleg og må reise bort. Lykke trur han skal finne gullet i enden av regnbogen.
Nokre oppslag har mykje tekst, andre mindre. Lita skrift og eit krevjande tema peikar mot at dette er ei bok som bør lesast høgt for eit barn av ein vaksen.
Fleire utfordringar ventar den vaksne høgtlesaren. Ein overtruisk far i ei moderne blokk er eit svakt plot, dessutan er ikkje overtru av denne typen ein del av barnelærdomen lenger.
Boka kan likevel lesast som ein vegvisar ut av det vanskelege. Forstått på denne måten er ho både vakker og vellukka.
Janne Karin Støylen
Fleire artiklar
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.