Teater

Surrealistisk realisme

Trass i litt uklår innramming, er spel og innhald fengslande.

Unn Vibeke Hol som desperat mor er intenst velspelt.
Unn Vibeke Hol som desperat mor er intenst velspelt.
Publisert

Det kan somme tider verke som om teateret i dag har fått ei vegring mot å framføre såkalla «normale» skodespel, med ei heilt vanleg sosialrealistisk handling og rollefigurar ein kan identifisere seg med. På sett og vis er det jo forståeleg, for vi lever i ei tid der filmen, og framfor alt TV-seriane på Netflix, langt på veg har stole den opphavlege oppgåva teateret hadde med å fortelje den enkle, direkte historia frå ein attkjenneleg kvardag. Teateret synest nok det må finne eit nytt uttrykk for å halde på merksemda.

Sterke historier

I ei framsyning som til dømes Dette barnet på Det Norske Teatret vert ein tydeleg mint på både moglegheitene og grensene når teateret gjerne vil fortelje, men samstundes vere teater og ikkje TV-serie. Teaterteksten Dette barnet av franske Joël Pommerat har fine og sterke historier i seg, men i ein distansert, surrealistisk regi kjem vi berre glimtvis inn til kjernen av det som skal forteljast.

Stykket byggjer delvis på intervju og rapportar frå eit pressa buområde i den franske byen Calvados. Det dreier seg først og fremst om foreldre og born-konfliktar, problema med å vere forelder og problema med å vere barn. Det er med andre ord ein tematikk dei aller fleste kan setje seg inn i. I eit scenerom dominert av kortribunar og store plasttrekk, der skodespelarane formar barneandlet i sand i isoporklisjéar og på eit vis er overvaka av eit omdreiande, droneaktig ljoselement, går dei fem medverkande inn og ut av ulike roller og ulike historier.

Forvirrar

Regissøren Jon Tombre har tydelegvis ønskt seg ei stemning av utforsking, ei kjensle av å vere på leit. Det fungerer til tider, men andre stunder gir det eit distansert metanivå til innhaldet som mest forvirrar. Sekvensen med den unge einslege mora som gjerne vil gje bort ungen sin til det vennlege homseparet i høgda over henne, kjem både sårt og vakkert fram til oss. Dei to mor og born-dialogane, med Unn Vibeke Hol som to ulike, desperate mødrer, er intenst velspelte og engasjerande, både av Hol, av Gard Skagestad som sonen og Ragnhild Meling Enoksen som dottera. Sekvensen på likhuset, derimot, der to kvinner skal identifisere eit lik som kan vere sonen til ein av dei, vert affektert og uinteressant grunna pikanteriet med å la menn spele kvinner. Å velje skodespelarar til roller utan omsyn til kjønn er svært på moten for tida, men det fungerer mest aldri dramatisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement