Storslege, men
ukjenneleg norrønshow
Robert Wilsons Edda er festleg å sjå og høyre til, men bringar ikkje mytane nærare.
Loke (Eivin Nilsen Salthe), Ty (Joachim Rafaelsen), Volva (Gjertrud Jynge) og Den falske volva (Unn Vibeke Hol) i Robert Wilsons Edda på Det norske teatret.
Foto: Lesley Leslie-Spinks
TEATER
Det Norske Teatret:
Edda
Eit konsept av Robert Wilson med tekstar av Jon Fosse
Regi, scenografi og ljos-
design: Robert Wilson
Teatermannen Robert Wilson er alt ei levande legende i heile den vestlege verda. Uttrykket hans er karakteristisk og lett attkjenneleg, og smaken er som baken; det er ikkje alle teatergjengarar som er like begeistra for han. Det står likevel ikkje til å nekte at han får ting som er ulikt det meste, til å skje på scena. Og det må jo vedgåast at Ibsen-tolkingane hans har kasta spennande nye ljosstreif over velkjent terreng. Det er ein rik og mektig materie han tek fatt i når han går laus på den norrøne mytologien og sjølvaste Edda-dikta.
manglar kunnskap
På skulen har vi vel alle høyrt det obligatoriske om Tor og Odin, Balder, Nanna og Loke osb., men når det kjem til stykket, er vel ikkje allmennkunnskapen så solid at vi kjenner enkelthistoriene i detalj. Det vert eit problem i ei framsyning som denne, som er visuelt blendande og musikalsk raffinert, men som avstår frå å vere instruktivt forteljande.
Uttrykksfull effekt
Wilson køyrer alltid ein gjennomkoreografert, frontal spelestil, som ikkje opnar for så mykje openbert samspel mellom aktørane, men som likevel, på sitt beste, får ein fascinerande, uttrykksfull effekt. Det kan sjå ut som dokketeater med levande dokker. Skodespelarane er sminka og kledde som underlege sci-fi-figurar frå Ringenes herre eller noko slikt. Ein kunne òg få assosiasjonar til Ingebrigt Daviks Taremareby. Dei spelar ut scenene sine med ein vilter og sprudlande energi, plastisk og vokalt gjer dei fjetrande innsats. Det er likevel vanskeleg å ta dei på alvor som persongalleri til Edda-universet, ikkje minst av di dei spelar så likt. Det vert ingen merkbar kontrast mellom dei gode og dei vonde kreftene, heller ingen verkeleg statusskilnad karakterane imellom. Det er kan hende medvite, men dermed vert det heller ikkje så lett å ta inn konfliktane og hendingane som skal drive det heile framover.
Fabelaktig
Dei scenografiske og musikalske løysingane, ved sida av ljoseffektane, er overveldande, ja, fabelaktige. Songleg er det verdt å merke seg at skodespelarar som Gjertrud Jynge og Sigve Bøe kan syngje så det rislar nedetter ryggen. I det heile gjer innsatsen dette absolutt til ei framsyning å setje kryss i taket ved. Dryge to timar utan pause er likevel i meste laget for ei såpass abstrakt teaterhending.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gjertrud Jynge og Sigve Bøe kan syngje så det rislar nedetter ryggen.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.