Sterke individuelle og universelle tilbakeblikk
Er vi stolte av vår norskdom?
Skodespelar Gjertrud Jynge i installasjonskunstverket som symboliserer demokrati, laga av Lars Ramberg.
Foto: Siren Høyland Sæter
Det Norske Teatret, Scene 2:
Åsne Seierstad, Karl Ove Knausgård, Lena Lindgren, Thomas Brasch og ensemblet:
Ein av oss / Einer von uns. Tilnærmingsforsøk etter 22. juli
Regi: Erik Ulfsby. Scenografi og kostyme: Lars Ramberg og Ditteke Waidelich.
Ein samproduksjon med
Staatstheater Hannover.
Terrorkatastrofen som ramma Noreg for åtte år sidan, sette landet vårt i eit nytt lys for resten av verda og gjorde at vi òg måtte sjå oss sjølv i kvitauget og spørje: Korleis er eigentleg vi nordmenn, og kva slags land er det vi bur i? Er det ein sovande tiger under den sosialdemokratiske yta? Er kjønnspolitikken vår og antidiskrimineringslova berre ein tynn fasade over noko anna som vi helst snur oss vekk ifrå?
Det er ei særs interessant og utfordrande vinkling det norsk-tyske teaterprosjektet Ein av oss / Einer von uns har på desse samtidsspørsmåla. Med eit i utgangspunktet sterkt søkjelys på 22. juli-hendinga og han som stod bak, får framsyninga det òg til å handle om korleis vi i Noreg – og i Tyskland – for få tiår sidan såg på jødar, romfolk – og kvinner som ville meir enn å vere mødrer. Og trass i dei mange tilsynelatande endelege framstega vert det peika på mange mest umerkelege tendensar til tilbakesteg. Kvar er vi på veg? Skal vi berre la det dure og gå?
Framsyninga fører oss inn i eit scenerom utstyrt med ein koloss av banankasser, utstyrte med diverse stikkord på norsk og tysk. Når stykket byrjar, blir kolossen riven over ende i eit kaotisk kasselandskap. Fire skodespelarar, to tyske og to norske, kjem vekselvis med sjølvbiografiske vitnesbyrd om minne knytte til 22. juli og korresponderande personlege minne, og dei siterer det ulike skribentar og rikssynsarar har uttalt. Det er sjølvsagt mest heile tida i grenseland mellom skodespel og dokumentarisk foredrag, men det får i den reinskorne og rolege forma ein høg og verdig teatral dimensjon, intens og alvorleg.
At ei slik teaterhending er eit norsk-tysk samarbeid, gjer det i det heile ekstra gripande, med omsyn til alle klisjéoppfatningane vi enno kan bere på etter krigen i Europa. Usentimentalt, men brennande engasjert, kjem denne produksjonen som eit av dei mest vesentlege teaterstykka i Oslo denne hausten.
Bent Kvalvik
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.